21. jun. 2017

Liten sniktitt på Interrail-turen

Ei lita helsing frå Český Krumlov, ein by heilt sør i Tsjekkia. På desse seks dagane har me vore i Berlin og i Praha, og over ser du ti bilete, frem frå kvar av desse to hovudstadane. Me har besøkt Zoo Berlin og Aquarium Berlin, vore på fantastisk konsert med Berliner Philharmoniker, ein snartur innom to bibliotek (mest faglitteratur) og tatt toget vidare frå Berlin Hauptbahnhof til Praha. Me har fått sett utsikta over Praha både i dagslys og i solnedgang (vakkert syn), hatt kaffipausar, lese bok i parken og tatt ein snartitt på den gamle delen av Praha hovudtogstasjon. For dei som følgjer med på Instagram er dette kanskje gammalt nytt, men likevel. Turen så langt har vore veldig, veldig bra, og me har opplevd mykje meir enn det lille eg viser i dette blogginnlegget. Men akkurat no er det på tide å seie "god natt"

2 kommentarer:

teabooks sa...

Ser helt fantastisk ut! Kos dere masse masse <3

Silje sa...

Togloffing og sommarferie er ganske okei ;) Og ja, me storkoser oss! :D