2. jun. 2017

Fordi det er fredag

Ein liten makron eller to fordi det er fredag. Før eg drog heim frå Stockholm på måndag, fekk me tatt ein svipptur innom Kungsholmen der me fann kaféen Petite France. Eg hadde lese om denne kaféen på ein av bloggane som eg følgjer, og dei makronane skuffa ikkje. Sprø utanpå og akkurat passe myke inni. Ein med sitronsmak, ein med karamell, ein med vanilje og ein med lime blei med heim. No er det fredag og helg, og den startar eg rett og slett med makron og ein kopp med god te.

Legg igjen ein fin tanke