9. jun. 2017

Vannverksturen

Sjølv om det ikkje var strålande vêr på sundag, fekk me tatt ein god tur i nærområdet vårt. Valet fall på Vannverksturen, ein tur som viser ein Vannassen, Vålandstårnet og Mosvatnet, alle viktige i Stavangers vannhistorie. Desse plassane går me jo ofte til vanleg når me skal gå ein kort og rask tur, men likevel, løypa tok oss til små stiar og nokre bustadsområde som me ikkje hadde vore på før.


Mykje gult ute no for tida, og om nokon skulle lure: gult er kult! Alltid! Dagen før hadde det regna ein god del, og dropane låg framleis på blomane. Så klare og blanke, nesten litt magisk.


Noko lilla såg me også. Etter kvart kom me til Vannassen, og då fekk me nok ein gong helse på svanefamilien. Om ikkje så lenge byrjar dei små å bli større, men for no er dei grå og søte fjørdottar.


Før me hadde gått heile runden, kom me til Vålandstårnet. Nokre sundagar har dei ein open kafé og det hadde dei denne sundagen. Kvar vår kopp med kaffi og noko søtt attåt. Etterpå bar det heim.

0 kommentarer: