4. jun. 2017

Heime igjen etter siste dag i Stockholm

Tenk at denne veka faktisk starta i Stockholm! Kom jo heim seint måndagskveld og sidan har det gått i eitt med jobb, møte, litt kjøkkenoppussing, to turar og planlegging av ferietur. Og fram til seint utpå fredagen var eg grasenkje, for mannen min var jo igjen i Stockholm på eit seminar. Sjølv om me sånn sett hadde ein langhelg førre helg, er det heilt greitt at det er ein ekstra fridag i morgon med tanke på at denne veka har gått nesten litt for fort. Den fyrste sundagslista i juni får de her:

✦ likte godt dei to bøkene om Allyson og Willem (Bare en dag og Bare ett år)
✦ bruke siste dagen i Stockholm til å vandre rundt, ta lokalbussen og ete ein is
✦ ein skjønnare, liten kanin skal ein leite lenge etter
✦ synest skiltet me såg i ei gate i Stockholm på måndag var morosamt
✦ finne to nye favorittplagg i ein Gudrun Sjödén-butikk
✦ 20 anbefalte butikkar på Etsy for alle bokelskarar
✦ familien min som var innom ein tur på onsdag med både blomar (bryllaupsdag) og kjøkkenhjelp
✦ herleg Broadway Riff-Off med James Corden og Neil Patrick Harris
✦ nok eit artig skilt, denne gongen frå flyplassen på Sola (for kaffi er alltid ein slager)
✦ har kanskje delt denne før, men sjekk ut alle desse vakre biblioteka
✦ få mannen min heim igjen
✦ gå ein snartur rundt Vannassen der me traff på dei nusselege svaneungane
✦ så mange rørande bryllaupsbilete, for kjærleiken er vakker, uansett
✦ knallgule smørblomar langs ein del av sundagsturen
✦ bra jobbmøte med lunsj og det heile midt i veka
✦ a cappella-versjon av Go the Distance frå filmen Hercules
✦ kveldskos med god te
✦ å tenkje på at me har vore gift i to år allereie

2 kommentarer:

teabooks sa...

Haha, boende ku! Mye fint på søndagslista di som vanlig, Silje! Og tenk, to år som ektepar! Tida flyr altså. Synes ikke det er så lenge siden jeg leste om bryllupet deres, men det er altså to år siden ... Håper du får ei fin uke! <3

Silje sa...

Jepp, me lo litt høgt begge to då me såg det skiltet! ;) Eg veit, to år har gått veldig, veldig fort, og tenk at det snart er din tur <3 Ønskjer deg ei like fin veke <3