14. juni 2017

Sommarens lesehaug

No når sommaren er her, har eg passa på at eg ikkje kjem til å gå tom for bøker å lese – lesehaugen min er full av kjekke bøker. Av dei du ser på biletet, har eg allereie lese dei to i midten, men eg har heldigvis funne fleire som ligg og ventar på å bli lesne. Sidan me skal prøve å reise enkelt og lett dei to neste vekene, lar eg dei fysiske bøkene liggje igjen her heime slik at eg berre tar med meg lesebrettet. Nokre av bøkene eg har på brettet er The Light Between Oceans av M.L. Stedman, The Guest Cat av Takashi Hiraide og Us av David Nicholls. Bøkene har eg tidlegare sett på jobb og tenkt at dei ønskjer eg å lese, og sjølv om eg liker best å lese fysiske bøker, ville det ha vore for mykje å ha med når ein reiser på tur med sekk. Så får me sjå kor mykje tid det blir til lesing, men betre å ha ei bok for mykje enn ei for lite ;) Har du nokon plan for kva du vil lese i løpet av sommarmånadane?

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Det går skikkelig treigt med lesingen min for tiden, men håper det tar seg opp litt snart. Håper du får en fin lesesommer! Og kos dere på tur :)

Silje sa...

Når det skjer noko kvar dag no når me er på tur, går det litt treigt med lesinga her også :P Men ingen tur uten bok ;) Og ja, me koser oss verkeleg på tur!

Legg igjen ein fin tanke