5. jun. 2017

Middag ombord på S/S Stockholm

Vår fyrste kveld i Stockholm førre laurdag blei så bra som den kunne bli då me drog ut på tur med båten S/S Stockholm. Me hadde tinga plass på førehand, og i tillegg til å få eit bra overblikk over Stockholm, fekk me sett litt av den svenske skjergarden og me fekk servert eit ypperleg måltid.


Ut frå kaia i Stockholm såg me rett over på Djurgården der me kunne skimte Junibacken, Nordiska museet, tivoliet Gröna Lund og Vasamuseet. Skal ikkje leggje skjul på at det blåste friskt, men me hadde jo sola som varma. Ein av dei andre gjestene på båten tok nokre bilete av oss, og sjølv om biletet rett over er noko ufokusert, synest eg det er eit ordentleg koseleg bilete av oss begge to.


Rett før me kom fram til Vaxholm der båten snur og køyrer tilbake igjen, fekk me servert maten som me hadde tinga ikkje lenge etter at me la frå kai. Me åt begge to ein veldig god ytrefilet av kalv med tilbehør. Måtte også ut på dekk ein liten snartur for å få eit glimt av Vaxholm; her kunne eg gjerne tenkt meg å gå i land, berre gå rundt, titte og utforske. Alltid kjekt med nye eventyr ;)


Langs heile skjergarden såg me store og små hytter og hus, og innimellom fekk eg assosiasjonar til Saltkråkan. Me opplevde ein heilt fantastisk nydeleg solnedgang, men den får de sjå seinare.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

teabooks sa...

Det så helt fantastisk ut! Og jeg synes bildet av dere var kjempefint! Nydelig bakgrunn ^^

Silje sa...

Turen kan eg varmt anbefale om du ein gong er i Stockholm :) Heile turen var noko eige med alt frå maten til landskapet ^^

Legg igjen ein fin tanke