1. mars 2017

Studiotur – del 3

Travle dagar på jobb denne veka; det er nemleg vinterferie i byen, og då har me forskjellige arrangement på planen. På måndag var det trylling, i dag songstund og på fredag blir det FIFA-turnering. Eg merker at dagane går i eitt, og det er allereie ein månad sidan me var på tur i London. Tid for nok eit tilbakeblikk, så her kjem det fleire bilete frå Harry Potter-studioet. Ministry of Magic, kontoret til Umbridge og Magic is Might statue. Trur enno ikkje at eg har tatt inn alle inntrykka, alle detaljane, alle fargane. Og eg blei jo (så klart) litt sentimental då eg såg dette skiltet med fyrste og siste taking. Tenk at det i år er tjue år sidan den fyrste boka blei gitt ut.


Å sjå sjølvaste Hogwarts Express (Galtvortekspressen) i levande live, var veldig stas. Så knallraud og fin, med røyk og det heile. Det gjekk til og med an å gå inn i togsettet for å sjå kupéane.


Nokre av setta stod ute: trollmannssjakkbrikker, Knight Bus, Privet Drive (bustaden til Harry fram til han var elleve), huset til Harrys foreldre og den kulaste bilen frå film nr. to.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

neverendingcircles sa...

Er det virkelig 20 år siden den første boka kom ut allerede? Det er litt utrolig å tenke på. Bildene dine gjør at jeg får lyst til å lese bøkene og se filmene på nytt :) Det er noe spesielt med Harry Potter altså. Er så glad for at jeg fikk "vokse opp" med den serien.

Silje sa...

Åra går så altfor fort... :P Men ja, det er noko heilt eige med HP-serien, både bøkene og filmane. Det er jo fyrst dei siste åra eg verkeleg har blitt fan, men det hadde ikkje skjedd hadde eg ikkje vakse opp med bøkene og filmane. Harry Potter altså <3

Legg igjen ein fin tanke