27. mars 2016

Mykje bra påskekrim og fine dyr

Heile denne veka har kjendest som ein draum. Eg veit det har vore påske, me har jo til og med vore ein tur på hytta slik me alltid gjer i påska. Samstundes har det vore ei veke der eg var ein dag på jobb og ein dag på skulen, noko som ikkje er vanleg verken i ferien eller i kvardagen (er jo på jobb fire dagar i veka). Resten av dagane merker har gått i kvarandre fordi eg har jobba jamt og trutt med oppgåva, både på skulen, her heime, på hytta og på ferja. Blei litt skrableri dette her, men det skal bli så utruleg godt å levere frå meg oppgåva når midten av mai er her! Har ein del å gjere før den tid, men, men. Nokre fine punkt og kjekke lenkjer har eg jo lyst til å dele også denne veka:

✦ sjå den fine filmen Esio Trot (eller Mr. Hoppys Hemmelighet) basert på ei Roald Dahl-bok
✦ klare svaret på ei oppgåve ganske så raskt i "Påskelabyrinten", nemleg Krakow
✦ kjempefin katt hos Helena og denne filmmeldinga hos Mariell
✦ kle meg i gul kjole på jobb; det er jo påske berre ein gong i året
✦ at Jesus Christ Superstar blei referert til i ein av påskekrimseriane på NRK
✦ gå tur på nye vegar her i nærområdet
✦ sjekk ut denne søtingen og desse finingane og denne nusselege isbjørnungen
✦ setje av litt tid kvar dag til å lese i krimbøker; ingen påske utan ;)
✦ påskekrimseriane Endeavour, The Night Manager og så klart And Then There Were None, som du kan lese meir om her og her (sjølv om eg visste handlinga, var det nervepirrande)
✦ morosamt og stas at orkesteret blir nemnt i denne saka
✦ vere nokre dagar på hytta med bra folk og den finaste Milo
✦ så mange rare fakta om Singin' in the Rain (akk, som eg gleder meg til september)
✦ fire rådyr og ein kanin på veg til skulen, ei hegre og ein annan kanin på veg heim
✦ at ei av mine fine veninner sendte meg melding og lurte på om eg ville vere med på å gå tur rundt Mosvatnet, berre prate og nyte finvêret. Veldig, veldig koseleg!
✦ morosamt med referansar i TV-seriar: faren til Hathaway i Lewis er med som ung i Endeavour

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Sandra sa...

Vad mysigt ni verkar ha haft det! Önskar att jag också hade en mysig stuga eller liknande att åka iväg till ibland :)

Silje sa...

Å kunne dra opp til hytta en tur er alltid like fint. Være på fjellet, gå en tur, lese i ei bok med tente stearinlys rundt omkring og bare slappe av. Herlig fjellro! :)

Legg igjen ein fin tanke