26. mars 2016

Påskeeggjakt

Det fyrste me gjorde då me var framme ved hytta på onsdag, sånn etter å ha lagt frå oss bag og sekkar, var å bli med ut på påskeeggjakt. Me har ikkje ein tradisjon for å gjere dette, men må jo seie at gøy var det lell. Broren min og ei barndomsveninne hadde vore ute før me kom og gøymt sju påskeegg. Til saman var me nemleg sju personar: familien min på fire, mannen min, barndomsveninna og mora hennar, der dei to sistnemnde for fjerde eller femte året på rad var nokre dagar på hytta med oss. Kjempekoseleg! Hunden Milo var også med på hyttetur, og sjølv om han ikkje fekk eit eige påskeegg, var han med ut på jakt. Me fann alle, men sleit veldig med å finne den sjuande sidan dei som hadde gøymt egga ikkje hugsa heilt kor dei hadde gøymt dei ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Haha, å ikke huske hvor man har gjemt påskeeggene, minner meg om episoden av Gilmore Girls hvor Kirk hadde glemt av hvor han hadde gjemt påskeeggene (var ekte egg dette da) og det begynte å stinke i hele byen ^^ Morsomt med påskeeggjakt!

Silje sa...

Så morosam historie, Ida! :D Me fann det heldigvis til slutt (og det var jo heller ikkje ekte egg) slik at me alle fekk kvart vårt egg! Sjølv om det ikkje er ein tradisjon hos oss, må eg jo seie at det freistar til gjentaking, for det var ganske så gøyalt og artig! ^^

Legg igjen ein fin tanke