6. mar. 2016

Gåturar, lesing og kvardagslivet

Så var sundagen nesten over, og ei ny veke er i anmarsj. Dagane flyr av garde og mars er i gong for fullt. Eg veit ikkje om eg liker det, for det betyr at dagen då masteren skal leverast byrjar å nærme med stormskritt. Men eg skal klare det, og snart vil sommaren vere her og eg kan leggje frå meg det som har med skulen å gjere. Denne veka har vore fylt med jobb og oppgåveskriving (som dei førre vekene med andre ord), tur og lesing på senga og ein god del andre fine ting som de kan lese under:

✦ sjå på desse søte kattane inne på Matilda sin blogg
✦ gå tur rundt Vannassen og sjå ein liten vott hengande frå ei grein, ein vott som i mine auge likna på ein kval
✦ er så einig i dette, noko som eg opplevde seinast på bussen i går
✦ marsklosterklokker
✦ gleder meg veldig til å sjå denne miniserien som er basert på Agatha Christie-klassikaren
✦ bra og fin artikkel om det å bruke romarealet for alt det er verdt og ikkje minst alle dei kjekke og stilige bokhyllene
✦ desse utruleg vakre postkorta inspirert Wes Anderson-filmar, via Mariell
✦ finne dei perfekte likørglasa på Fretex, fjorten stk (to forskjellige storleikar) for 140 kr!
✦ "Evolution of the Disney Princess" – kul video med fine songar
✦ stikke innom Mathallen Stavanger og Vårmarknad på Tou Scene
✦ Synne si fine liste med ting som skal skje i mars
✦ lage ferdig små fotolerret og hengje dei opp på veggen
✦ denne om albumet Holding Patterns
✦ sundagstur opp til Ullandhaugtårnet der me delte ein vaffel
✦ Kiss Me Kate med Howard Keel i spissen, og den herlege Bollywoodfilmen English Vinglish
✦ setje av litt tid kvar kveld til å lese litt i ei bok som ikkje er pensum

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tone sa...

Åh, takk for fine tips! Spesielt 'And then there were none'. Christie + BBC er jo berre gull! :)

Silje sa...

Gleder meg ordentleg til å sjå den når ting har roa seg med jobb og master, for det er verkeleg ei av dei aller beste krimbøkene eg veit om! Og som du seier: Agatha Christie + BBC er gull! :D

Sandra sa...

Vilka otroliga snödroppar! Så vackra.

Silje sa...

Slike blomster er det aller fineste med våren i mine øyne! Så vakre og nydelige ^^

Legg igjen ein fin tanke