16. mar. 2016

Instagram

God kveld, god kveld! Her har eg hatt ei veninne på besøk på middag og masse prat, og ja, kvelden har vore veldig fin :) Alltid hyggeleg med litt besøk! Fekk berre så lyst å vise fram Instagramkontoen min her på bloggen. Eg legg ut mykje av det same som her, men innimellom legg eg ut andre små bilete, til dømes frå kvardagslivet og gode minne frå fine opplevingar. Her er det nok meir tekst, tankar og skribleri medan på Instagram er det korte biletetekstar og dimed meir fokus på det visuelle. Er også kjekt å følgje andre, få inspirasjon og berre la tankane vandre ved å sjå på alle det vakre som finst der ute. Kollasjen over viser dei ni eldste bileta på kontoen min og dei ni nyaste. Eg veit eg er ganske seint ute med å oppdage Instagram, men det er jo gøy likevel. Har du nokon favorittar som eg bør følgje, kanskje ein eigen konto? Og det var det heile for i dag :)

Legg igjen ein fin tanke