2. mar. 2016

Sandvedparken

Etter øvinga med orkesteret på laurdag, fekk me i oss ein liten matbit før me gjekk oss ein tur i Sandvedparken. Endene, i alle fall nokre av dei, låg så stille, så stille langs den lille elva som renn gjennom parken. På bakken fann eg ei lita fjør med små vassdropar på og på trea brune, store soppar. Var godt å få rørt litt på kroppane våre etter fire timar med speling inne i ei kald kyrkje.


Foreløpig er det mykje brunt og grønt av fargar i naturen, men fint er det jo likevel. Røter som buktar seg langs bakken, elva som renn langs dei mosegrodde steinane og ikkje minst snøklokker, det aller finaste og vakraste vårteiknet av dei alle. Eg blir så glad og får aldri nok av det synet!


Til slutt vil eg vise andre rare ting ein kan finne når ein går omkring i ein park, nemleg kakemenn på ein benk, den eine meir oppspist enn den andre, og ei glasflaske som nærmast var grodd inn i mosen og barken på eit tre. Mykje rart å sjå om ein berre bruker auga ;) Herleg tur i ein kjekk park!

4 kommentarer:

tone sa...

Neimen, så artig med kakemenn! :)

Silje sa...

Dei berre låg der, så pent og pynteleg, så då berre måtte eg ta eit par bilete :D

Anonym sa...

Røtter med mose på er nesten malerisk :-)

Silje sa...

Du seier noko der ^^ Så sjølv om det enno ikkje har byrja å blomstre noko særskilt, var det ein veldig fin og herleg tur i parken :)