14. mar. 2016

"Strikk og aspik" ein onsdag i mars

Sjølv om eg ikkje har noko strikke- eller hekleprosjekt å halde på med for tida, var det utruleg koseleg å bli invitert på "Strikk og aspik" heime hos ei veninne førre onsdag. Me var fem jenter og du kan jo tru at det blei mykje prat og latter. Veldig herleg med ein liten frikveld midt i veka!





Aspik er ikkje min favoritt, men ho som var vert, visste at det ikkje var så mange av oss som eigentleg synest at det er noko godt. Difor hadde ho bakt brød, og det smakte så godt. Perfekt skorpe! Det blei også nokre koppar med kaffi og ein søt porsjon med knallgod sjokolademousse.


Katten Zelda var med oss heile kvelden, og då blei det jo så klart litt kos. Ho er så fin, så fin! Takk for ein hyggeleg kveld, alle saman! Neste gong skal eg ha med eit strikke- eller hekleprosjekt :)

Legg igjen ein fin tanke