13. mar. 2016

Knallkjekk helg og ei veke med mykje anna bra

Ei knallkjekk helg er omme! Eg kjenner at det gjorde godt å komme seg ut av byen, rett og slett bytte miljø for ei helg. Hadde ikkje sett desse fine personane sidan i fjor sommar, så det var på tide :) Og med jentekveld midt i veka og kjekke dagar på jobb, har denne veka vore veldig fin! Håper de òg har hatt ei fin veke og god helg! Her kjem denne vekas sundagliste, fullpakka med mykje bra:

✦ lyst ute og sol om morgonen på veg til jobb
✦ blir alltid like glad av å sjå dei vakre og varme bileta inne hos Niina
få ein liten "påskepose" frå fine folk på jobb
✦ om "länkkärleken" inne på bloggen til Sandra
✦ så mange fine kommentarar frå dei kjekkaste kundane :)
✦ ein herleg og rørande liten video
✦ vere ei helg hos eit venepar i Kr.sand der det blei mykje latter og prat, turgåing, film, brettspel og badminton. Tusen takk til de begge to; helga har vore alle tiders!
✦ "Kvinnedagen" hos Røverdatter og denne saka skriven av Mariell
✦ jentekveld med strikk, nysteikt brød og kaffi midt i veka
✦ om den analoge motrevolusjonen
✦ ta toget fram toget fram og tilbake Kr.sand
✦ denne søøøte katten, eit like søtt og herleg piggsvin og til slutt denne gif-en
✦ to gode blogginnlegg inne hos Ruth: dette og dette
✦ få gratis kaffi i skulekaféen av den beste baristaen
denne stilige teikninga av The Beatles, teikna av Tone
✦ sitje ved sidan av ei eg gjekk i klasse med på ungdomsskulen på toget heim frå Kr.sand :)

Legg igjen ein fin tanke