23. mar. 2016

Fargerike lerret

No er veggen den "store, kvite veggen" i stova endeleg dekorert ferdig. Me har begge to merka at det har mangla nokre bilete som er større enn dei små polaroidbileta (sjølv om dei er fine dei også). Lenge tenkte me å tinge eit lerret eller ein plakat frå FotoKnudsen, slik me har gjort tidlegare, for det har me vore veldig nøgd med. Plutseleg slo det meg at "kvifor ikkje gjere dette sjølv?". Som sagt, så gjort. Det som tok lengst tid, var å sjå gjennom og plukke ut fire bilete frå harddisken, som til slutt blei til åtte. Etter at det var gjort, kjøpte eg enkle, kvadratiske lerret på 20x20 cm hos Søstrene Grene. Printa ut bileta på A3-ark, for då blei bileta litt større enn lerreta slik at kanten på lerreta ikkje fekk ein kvit kant, men at kvart bilete dekka heile lerretet. Fram med saks, decoupagelim og pensel, og etter eit døgn med tørking, var dei ferdige (les: eg gjorde dette over fleire kveldar, så litt tid tok det jo). Eit enkelt og budsjettvenleg prosjekt som blei prikken over i-en på veggen vår :)

6 kommentarer:

tone sa...

Så fint det vart! Veldig smart å gjere det på den måten, mykje billegare enn å framkalle bileta hos fotograf, og minst like fint. :)

Kake sa...

Dei blei kjempefine og mykje billigare enn å få dei framkalt hos fotobutikk. :)

Moder'n på Møre sa...

Ja du Silje! Jeg slutter aldri å forundre meg over alle de prosjektene du setter igang med!! Kreativiteten din er visst uten ende. Dette ble superfint. Og jeg har enda bryllupsbordet i friskt minne - ikke av de mest vanlige, det heller :-)

Silje sa...

Takk, alle saman! :D Kjekt å komme heim frå hyttetur til så fine kommentarar! <3

Ida sa...

Så lurt! Og fint! Kanskje er dette noe jeg skal prøve meg på. Enig med moderen din, hehe, du finner på så mye kreativt!

Silje sa...

Hi, hi! Takk, Ida! ^^ Eit veldig enkelt prosjekt, så det er berre til å setje i gong ;) Og så må eg berre få seie at Pinterest og andre bloggarar er ein fin inspirasjon til slike prosjekt :)