9. mars 2016

Vårmarknad på Tou Scene

I tillegg til å vere ein tur innom Mathallen Stavanger på laurdag, var me også innom Vårmarknaden på Tou Scene (les om ein tidlegare marknad her). På veg inn var det mykje rart å sjå, blant anna eit fargerikt, heimesnikra skilt og morosame, fine og merkelege figurar på mange av bygningane.


Alltid kjekt å sjå på alt det fine folk har laga, alt frå kule, grafiske plakatar til kakefat og smykke. Og så berre måtte eg ta bilete av dette artige taket; alt det ein kan bruke nokre garnnøste til :)


I eit anna rom var det folk som selde gamle klede, servise og mykje anna fint som tidlegare har vore i bruk. Me fann ikkje noko denne gongen, verken blant det gamle eller det nye, men det er alltid kjekt å gå rundt på slike marknader, berre sjå og oppleve stemninga. Gleder meg til neste gong!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tone sa...

Åh, så kjekt med marknad! Spesielt bruktmarknad, ein kan verkeleg finne skattar om ein er heldig! Eg vart forresten heilt fascinert av veggkunsten med ungane som leikar og skuggane deira (noko så fint har eg ikkje sett på lenge!). Veldig koseleg innlegg. :)

Silje sa...

Bruktmarknad, loppemarknad, bruktbutikk og andre typar marknader er alle noko av det kjekkaste som finst. Og sjølv om ein ikkje finn noko, er det noko spesielt med stemninga rundt det heile :) Einig i den veggkunsten! Tusen takk for fin kommentar, Tone! ^^

Kake sa...

Liker veldig godt marknadene på Tou Scene, mykje fint der!

Silje sa...

Er så einig! Mykje liv og mykje bra å sjå, og av og til finn ein nokre skattar :D

Legg igjen ein fin tanke