25. mar. 2016

På nye stiar i Sørmarka

Sjølv om det berre blei ein svipptur opp til hytta denne påska, gjorde det godt å rømme byen litt. Rømte gjorde me også førre sundag då me gjekk ein god tur i Sørmarka. Okei, ein er endå i byen når ein er der, men å vere ute i skog og mark, la tankane vandre, er for min del litt som å rømme det også, om berre for eit par timar. Er så fint å sjå regndropar som heng der, det er nesten magisk.


Kjekt å sjå mange fargerike fuglekasser, og mannen måtte stå og sjå litt på den fine utsikta. Veit ikkje akkurat kvar, men på vår veg langs ein av stiane i Sørmarka, fann med denne grillstaden, eller gapahuk om ein vil. Morosam skrift på den eine bjelken, og elles så var det eit fint velkomstskilt.


Såg ein god del hanskar og vottar hengjande på trea rundt omkring. Til slutt byrja eg å ta bilete av dei. Dei to øvste fann me hengjande ca. hundre meter frå kvarandre, og sjølv om dei siste ser like ut, er det hansker frå to forskjellige par. Kanskje ser me fleire neste gong?! Fin tur var det i alle fall.

Legg igjen ein fin tanke