21. mar. 2016

Det finaste vårteiknet også i år

Ja, eg veit, dette blogginnlegget blei ein snøklokkebonanza. Men akk, dei er berre så himla fine og vakre, det grøne mot det kvite, det ypperste og vakraste vårteiknet. Tok meg ein tur med kameraet i nabolaget førre veke. Blir så glad, så glad av dette synet, og som nemnt i går blir eg aldri lei; for meg er det like kjærkomme kvart år. Så får det heller vere at påska blir brukt til masterskriving ;)

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa Fernanda del Mar sa...

Så fine bilder! Koselig vårtegn <3

Silje sa...

Snøklokker er rett og slett noko av det vakraste som finst, det aller finaste vårteiknet <3

Sandra sa...

Så ljuvligt <3

Silje sa...

De er så nydelige <3 Takk, Sandra!

Ida sa...

Snøklokkebonanza <3 elsker våren! Vår og høst er så vakre årstider, synes jeg.

Silje sa...

Sjølv om hausten ikkje er mi favorittårstid fordi det ofte er så mørkt og trist ute, er det jo så vakkert med alle dei fargerike blada som ein finn rundt omkring når dagane ikkje er altfor mørke ^^ Våren er nok den årstida eg liker aller best <3

Legg igjen ein fin tanke