
✦ sjå den fine filmen Esio Trot (eller Mr. Hoppys Hemmelighet) basert på ei Roald Dahl-bok
✦ klare svaret på ei oppgåve ganske så raskt i "Påskelabyrinten", nemleg Krakow
✦ kjempefin katt hos Helena og denne filmmeldinga hos Mariell
✦ kle meg i gul kjole på jobb; det er jo påske berre ein gong i året
✦ at Jesus Christ Superstar blei referert til i ein av påskekrimseriane på NRK
✦ gå tur på nye vegar her i nærområdet
✦ sjekk ut denne søtingen og desse finingane og denne nusselege isbjørnungen
✦ setje av litt tid kvar dag til å lese i krimbøker; ingen påske utan ;)
✦ påskekrimseriane Endeavour, The Night Manager og så klart And Then There Were None, som du kan lese meir om her og her (sjølv om eg visste handlinga, var det nervepirrande)
✦ morosamt og stas at orkesteret blir nemnt i denne saka
✦ vere nokre dagar på hytta med bra folk og den finaste Milo
✦ så mange rare fakta om Singin' in the Rain (akk, som eg gleder meg til september)
✦ fire rådyr og ein kanin på veg til skulen, ei hegre og ein annan kanin på veg heim
✦ at ei av mine fine veninner sendte meg melding og lurte på om eg ville vere med på å gå tur rundt Mosvatnet, berre prate og nyte finvêret. Veldig, veldig koseleg!
✦ morosamt med referansar i TV-seriar: faren til Hathaway i Lewis er med som ung i Endeavour
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Vad mysigt ni verkar ha haft det! Önskar att jag också hade en mysig stuga eller liknande att åka iväg till ibland :)
Å kunne dra opp til hytta en tur er alltid like fint. Være på fjellet, gå en tur, lese i ei bok med tente stearinlys rundt omkring og bare slappe av. Herlig fjellro! :)
Legg igjen ein fin tanke