18. mar. 2016

Helgetur til Kr.sand ☺︎

Det er allereie gått ei veke sidan me tok toget til Kr.sand for å besøke nokre gode vener av oss. Me hadde ei kjempekjekk helg der me spelte ein del brettspel, gjekk tur, prata, mimra og lo ein heil haug. Eit av korta i det eine spelet berre måtte eg ta bilete av, for det likna så veldig på Hufsa.



Til dessert etter middagen på fredag, fekk me ein knallgod smoothie med ein kjempefin farge. Veldig god med noko friskt. Og kjekk ut den kule veggklokka som heng på kjøkkenet eg deira ;)


Rart å vere tilbake i Kr.sand, sjå eit skilt til Gimlekollen, vere tilbake på gamle trakter. Det byrjar å nærme seg to år sidan me flytta frå byen, og det er allereie halvanna år sidan me begge to var der sist. Veninna mi og eg gjekk ein tur på laurdagen medan guttane var ute og jogga. Såg blant anna eit kult gjerde på vår veg. Elles så var det godt å kjenne frisk luft, og praten gjekk i eitt!


Då kvelden kom på laurdag, såg me Dragetreneren (for ein fin film), åt god middag og spelte "Party Alias" – det er jo alltid ein slager! Tok ikkje bilete på sundagen, men som nemnt spelte me badminton før eg sette meg på toget heimover. Var fyrst litt skeptisk til heile badmintonopplegget, men eg må seie at det overraska, og eg trur eg snakkar for oss alle då eg seier at det var utruleg gøy! Håper me får til det ein annan gong, og sist, men ikkje minst, takk for vertskapet og ei bra helg!

Legg igjen ein fin tanke