11. mar. 2016

Små, vakre glas

Alltid like kjekt å finne noko fint på ein bruktbutikk eller ein loppemarknad. Denne gongen snakkar me Fretex. Som eg nemnde i sundagslista førre veke, fann eg fjorten fine likørglas (eller kva ein no kan kalle dei), sju i ein storleik og sju i ein litt større storleik, for ti kroner pr.stk. Lenge sidan eg har vore så nøgd med eit bruktkjøp! Me fann ut at dei er frå Hadeland, for det står på foten, men det var ikkje like enkelt å finne ut kva serie glasa høyrer til. Fekk litt hjelp frå ein av kollegaene på jobb og fann til slutt ut at serien heiter Merete og er frå 1960-talet. Rett og slett elskar mønsteret, og det var nok det som gjorde at eg fall så fort for dei. Er veldig glad i dei, og dei er allereie tatt i bruk :)

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ruth | HungryHeart.se sa...

Här har du en till som älskar mönstret på glasen! =) Vilket fynd!

Silje sa...

Synes de er så utrolig nydelige og ble rett og slett veldig glad da jeg så disse på bruktbutikken! :D

Røverdatter sa...

Så fine!!
Fretex er yndlingsbutikken, de har alltid så mye fint brukt! :D
God helg til deg <3

Silje sa...

Blir jo nesten litt bortskjemt av å ha ein Fretexbutikk i den same bygningen som jobben ;) God helg til deg også <3

Ine sa...

De var virkelig utrolig fine! Nydelig mønster :)

Silje sa...

Ja, det var mønsteret eg fall for fyrst! ^^ God påske, Ine! :D

Legg igjen ein fin tanke