Palmesundag er her og ferien er i gong. Eller – ferie og ferie. Skal jobbe i morgon, og resten av dagane blir det skriving på og arbeid med masteroppgåva. Men ein liten tur på hytta blir det heldigvis tid til, og med det vil me kanskje klare å få ein bit av påskekjensle. Trass i at eg har vore grasenke, har det vore ei fin veke med jentekveld, kjekke dagar på jobb og heilt nydeleg vêr! Håper alle får ei fin påske, anten det er heime, på fjellet eller ein heilt annan plass. Og her er sundagslista:
✦ blir aldri lei synet av snøklokker :)
✦ "Pludder i parken" – Synne sin sjette podcast
✦ høyre på Bruckner symfoni nr.4 medan eg skriv på masteroppgåva
✦ le og kose meg med denne musikksaka på p3morgen
✦ sykle til skulen i nydeleg sol og ordentleg vårvêr
✦ så nusseleg ozelotunge, desse to kattane og ein herleg babyelefant
✦ så morosamt å sjå desse bøkene på jobb som er ein klar referanse til Hercule Poirot ;)
✦ møte på ein liten valp som me alle fekk klappe på veg til forelesning
✦ kjekk podcast frå nokre av dei fine folka på Sølvberget
✦ "Unchained Melody" på Beat for Beat
✦ vere i eit bra møte på hovedbiblioteket, og før eg dro vidare, var det varm lunsj å få og eg vann eit fint påskeegg på loddtrekking
✦ gå rundt Breiavatnet etter jobbmøtet og nyte sola
✦ trur dette må vere den søtaste kattungen ever!
✦ blir så utruleg rørt når eg ser videoar som denne
✦ få mannen min heim etter fem døgn aleine heime
✦ at And Then There Were None blir sendt på TV neste helg
✦ oppdage nye stiar i Sørmarka
6 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Jeg liker denne listen, den inneholdt masse fint :)
Tusen takk, Luisa! Og gratulerer så mykje med ny blogg ^^
Purriot är ju bara så roligt! =D Härligt att se alla snödroppar komma upp ur jorden nu också.
Blir som sagt aldri lei av å se dei vakre snøklokkene rundt omkring i nærområdet ^^ Og de bøkene syns jeg var så morsomme at de måtte bli med på et bilde :)
Fin liste med ting. Og kjekke bøker, liker dei eg og!
Alltid kjekt å kunne oppsummere veka med ei liste som dette :D
Legg igjen ein fin tanke