22. sep. 2013

Topp 5 – reisemål eg ikkje har sett

Om hausten er det ekstra kjekt å drøyme om å reise til varmare strøk eller til stadar der ein ikkje har vore før. Eg får i alle fall ein ekstra trang til å utforske nye stadar, reise bort frå kalde, mørke Noreg. Afrika, Asia, Latin-Amerika, det er mykje som freistar, men nokon stadar meir enn andre. Så i dag drøymer eg meg bort med ei liste over mine fem favorittreisemål som eg ikkje har sett før:

New York - mest på grunn av Broadway, for eg elskar jo musikalar (men også for å shoppe litt)

Frankrike - same kor, men eg har alltid hatt lyst til å sjå ein del av Frankrike, slik som Paris, Nice, Euro Disney, Cannes, og det franske språket er jo så fint

Island - nydeleg landskap, fascinerande språk og så utruleg fine smykke og vakre ringar

Praha - storbyferie i ein by med mykje historie (eller kanskje Roma eller Wien eller ein heilt annan storby med historie og fine, gamle hus...)

New Zealand - spennande kultur- og dyreliv

21. sep. 2013

Korpsspeling i vinden

Etter å ha spelt ute i vinden saman med brassbandet, kjem denne laurdagen til å bli veldig stille og roleg. Mannen i huset er blitt ordentleg forkjøla, så då blir det film og avslapping resten av kvelden. Men som eg skreiv, var me ute ein tur med korpset tidlegare på dagen. Det er nemleg Kulturnatta her i byen i dag, og då skulle alle voksenkorpsa i byen spele kvar for seg for så å spele "Gammel Jegermarsj" saman på torget. Eit skikkeleg fellesnummer med andre ord. Mykje vind, så forholda låg ikkje heilt til rette for korpsmusikk. Men eg vil nå seie at me gjorde det beste ut av det :) Hausten er i alle fall her, både med tanke på vind og på fargerike blad. Håper de alle har ei fin helg, anten på hytta, på jobb, ute på byen saman med vener eller heime i sofaen.

19. sep. 2013

God tid, dårleg tid

Dagane går så altfor fort. Vekene fyk av stad, det er fort gjort å gløyme at ein bør nyte dagane, ta det litt med ro. Me er inne i ei tid kor mange av oss spring frå skule til jobb, til trening og jobb atter ein gong. Tidsklemma kallar me det. Det kjennast ut som om det er om å gjere å gjere mest mogleg på ein gong, me har ikkje tid til å treffe folk i det verkelege liv eller berre setje oss ned utan å gjere noko spesielt. Me deler bilete på nettet, på Facebook og Instagram, me deler setningar om kva me har gjort den og den dagen, det har me tid til. Det er heile vegen eit jag etter å fylle dagane best mogleg slik at me har tid til alt. Men treng me ikkje å skru av dataen eller mobilen, setje oss ned i sofaen med ei god bok, ein varm kopp med te eller kakao og eit varmt pledd av og til? Er ikkje det også viktig å setje av tid til? Kan me ikkje av og til ta det med ro, la tida snigle seg av stad, akkurat som snigelen i skallet sitt som lar tida fyke forbi mens den tar skritt for skritt, sakte, men sikkert?!

Sjølv så går dagane mine også i eitt, og i dag har eg vore på skulen fram til fire og så rett på jobb kor born spring rundt i pausen med superhøgt volum, og no når klokka nesten er åtte, er eg relativt sliten. Men sånn på fredagar og i helga, er det godt å ha nokre timar der eg ikkje tenkjer på skule eller jobb. Eg treng det. Det er ikkje sikkert alle gjer det, men eg meiner at me ikkje er flinke nok til å kjenne på roa, og plutseleg ein dag seier kroppen "stopp". Eg veit jo sjølv korleis eg er, og at eg sikkert kan jenke meg litt med tanke på at det alltid skal vere ryddig rundt meg, at oppgåva eg skriv skal vere perfekt osb. Men eg klarar i alle fall å setje meg ned med den gode boka eller den herlege TV-serien, bare slappe av, la tankane segle sin eigen sjø. Så klart liker eg, og treng eg, å møte vener og fine folk, å gjere noko saman med andre, vere sosial, og ikkje berre sitje åleine i sofaen. Men eg vil berre setje litt fokus på det at mange av oss ikkje "har tid" til å roe ned, tid til å senke skuldrene. No når hausten er her for fullt, oppfordrar eg dykk til å setje av tid til å tenne eit stearinys, høyre på fin musikk, lese favorittboka på ny eller gjere noko anna som får deg til å slappe av. Hausten er ei tid med mørke og kalde dagar, og då er det fint å kunne kose seg med stearinlys, bok, gode vener eller alt på ein gong. Prøv å nyt hausten og tida som kjem – plutseleg er det 2039 og du lurer på kor tida blei av, kva du eigentleg har gjort i de åra som har foke forbi.

17. sep. 2013

Kjempefin tysdag trass mykje regn

Å vakne av regnet, ein eller annan gong midt på natta, er ikkje min favorittmåte å vakne på. Heldigvis så regna det ikkje fullt så mykje då klokka ringde halv åtte. Og med god frukost heime, og så gratis kaffi då eg kom til skulen, var morgonen ganske så okei. Her i Kr.sand er det no innført rustidsavgift, og ATP, Areal- og transportplansamarbeidet i Kristiansandsregionen, stod difor i dag ved skulen og delte ut gratis kaffi til dei som tok beina fatt eller som tok bussen eller sykkelen. Heilt i orden for min del :) Utpå dagen, sånn då klokka var to, tok me oss ein tur på kino for å sjå Before Midnight (som det blant anna stod om i "Filmmagasinet", noko du kan sjå på biletet saman med min fine, blomstrete genser). Kjekt og også litt rørande å sjå film nr. tre om Jesse og Celine når dei no er passert førti og ikkje heilt veit kva dei vil med liva sine. Sjeldan me går på kino midt på dagen på ein tysdag, men det passa seg slik i dag. Kino i regnvêret er veldig fint spør du meg. Og så var me heilt åleine i kinosalen, berre oss to. Trur ikkje eg har opplevd det før, men artig var det! Åt litt middag og så jobb etterpå, noko som var kjekt i dag med nysgjerrige og engasjerte musikantar :)

15. sep. 2013

Topp 5 – datoar

Mormor hadde bursdag i går, og difor vil eg seie: "Hipp, hipp hurra!" Og av den grunn kom eg på å ha mine favorittdatoar, eller favorittdagar, som vekas topp fem. Når det er sagt, har eg foreløpig hatt ei kjempefin helg der me i går var på skulen og jobba litt. Om kvelden hadde me god vegetarpizza til middag mens me såg den siste filmen om Harry Potter. Lettrørt som eg er, sat eg og grein meg gjennom siste halvdelen av filmen. Jada, eg har sett den før og veit det går bra, men likevel. Tror mitt nye tilnamn etter i går er "tute-guri". Vel, nok om det for denne gong ;) Her kjem det eg eigentleg skulle skrive om, nemleg vekas topp fem som er mine favorittdatoar:

24.desember - finaste dagen i året med stjerne i toppen av treet, Askepott og Gulltopp, bunad og fin kveld med min herlege familie

påskeaftan - den har jo skiftande dato, men eg tar den med likevel, for å høyre finalen av "Påskelabyrinten" og ha ordentleg quizkonkurranse på hytta, det er fint, det

14.desember - for snart fem år sidan hadde eg mange, mange sommarfuglar i magen, og den dagen vil for alltid bety noko ekstra

29.mai - mamma og pappa sin bryllaupsdag; utan dei hadde ikkje eg vore her i dag (ja, eg veit, skikkeleg klisjé, men sant er det jo)

31.desember - å feire inngangen til det nye året saman med gode vener og kjærasten, er så kjekt og utruleg fint (og så "må" eg berre nemne at 1. nyttårsdag, midt på natta, også er ein finfin dato...)

14. sep. 2013

Livet som sambuar

No har me vore saman i fire år og ni månadar. Me har budd saman i tre år og ein månad, og me har vore trulova i åtte månadar og tretten dagar. Det er så innmari fint det å vere sambuar og kjærast og no også trulova. Men det å bu saman kan vere tungt, ja, eg kan bruke klisjeen at "det er ikkje berre ein dans på roser". For det meste så skriv eg om små trivialitetar som bøker eg har lese og filmar eg har sett, om skulen og korps, om nye innkjøp, og ein god middagsrett, om kvardagskjærleiken... Kvardagskjærleiken er den finaste, det er den lille kjærleiken som du merkar kvar dag, med små blaff av forelsking innimellom. Men det er kanskje også den treigaste. For når ein ser kvarandre så å seie kvar dag, kan ein ta kvarandre for gitt, ein kan gå kvarandre på nervane. "Nærast er du når du er borte, noko blir borte når du er nær. Dette kallar eg kjærleik – eg veit ikkje kva det er." (Tor Jonsson). Sånn er det av og til – fyrst når ein er borte frå kvarandre, merkar ein kor glad du er i akkurat den personen, kor mykje han eller ho betyr for deg.

Eg er ein følsam person, mens kjærasten min er ein ordentleg sindig sunnmøring. Joda, han viser kjensler, men ikkje på same måte som meg. "Det ordnar seg", seier han når eg har ein lei dag og ikkje heilt er på den positive sida. Og det er vel og fint at han seier det, og at me er ulike, men det er då ein merkar at kvinner er frå Venus og menn frå Mars. Og om kvelden, når hjernen min vaknar, vil han helst sove; eg vil snakke. I tillegg diskuterer me jo, som så mange andre, ofte om husarbeidet: eg vil ha det meir ryddig, for av og til ligg det musikknotar og mattenotat over alt. Han vil at me skal støvsuge og skifte på senga når eg er på mitt trøyttaste.

Me er ikkje like, men me er heller ikkje så ulike. Det er vel slik me passar saman. Med dette innlegget vil eg berre påpeike at også me har vore uvanar og at me også kranglar og diskuterer, og av og til kjem det nokre tårer. Dessverre er det jo slik at det er få som skriv om dei vanskelege tinga på dagleg basis. På Facebook, Twitter, bloggar, med andre ord sosiale medium, blir det meste framstilt som ein draum. Trening, gåturar, verdas beste familie, bra kosthold, shopping, alt det kjekke er det som blir nemnt mest. Eg meiner ikkje at alle framstiller alt perfekt heile tida, men mange blir deprimert fordi dei berre les om andre som, på nettet, har det så ufatteleg mykje betre enn dei sjølve. Men eg er ikkje så flink til å skrive om det sjølv heller, det er noko med at slike ting er mellom han og meg. Samstundes vil eg få seie at det å vere sambuar er noko som, for min del, gjer livet rikare, trass i diskusjonar og uvanar. Ein må jo jobbe for forholdet og kvardagen, men ein får så mykje igjen for det. Me ler saman, pratar om alt og ingenting, lyttar til kvarandre. Av og til et me ute på restaurant, men for det meste lagar han middagen og eg tar oppvasken. Me koser oss saman og me kan vere oss sjølve når me er med kvarandre. Eg føler meg trygg og elska, og sjølv om det kjem tunge dagar innimellom, er det så utruleg verdt det, det å dele kvardagen og livet saman 

13. sep. 2013

Fargerik tur til butikken

Lesedag. Ein dag med husarbeid. Dagen då ein handlar for helga. Det er fredag, og det er helg. Eg har nettopp vore ein tur på butikken, og på veg bort stoppa eg nokre gongar for å ta bilete av alle dei fine fargane som finst der ute. Rosa nyperoser, raudoransje nyper og rognebær, gule blomar, grøne og litt raude blad. Hausten kjem med så innmari mange vakre og herlege fargar!