14. sep. 2013

Livet som sambuar

No har me vore saman i fire år og ni månadar. Me har budd saman i tre år og ein månad, og me har vore trulova i åtte månadar og tretten dagar. Det er så innmari fint det å vere sambuar og kjærast og no også trulova. Men det å bu saman kan vere tungt, ja, eg kan bruke klisjeen at "det er ikkje berre ein dans på roser". For det meste så skriv eg om små trivialitetar som bøker eg har lese og filmar eg har sett, om skulen og korps, om nye innkjøp, og ein god middagsrett, om kvardagskjærleiken... Kvardagskjærleiken er den finaste, det er den lille kjærleiken som du merkar kvar dag, med små blaff av forelsking innimellom. Men det er kanskje også den treigaste. For når ein ser kvarandre så å seie kvar dag, kan ein ta kvarandre for gitt, ein kan gå kvarandre på nervane. "Nærast er du når du er borte, noko blir borte når du er nær. Dette kallar eg kjærleik – eg veit ikkje kva det er." (Tor Jonsson). Sånn er det av og til – fyrst når ein er borte frå kvarandre, merkar ein kor glad du er i akkurat den personen, kor mykje han eller ho betyr for deg.

Eg er ein følsam person, mens kjærasten min er ein ordentleg sindig sunnmøring. Joda, han viser kjensler, men ikkje på same måte som meg. "Det ordnar seg", seier han når eg har ein lei dag og ikkje heilt er på den positive sida. Og det er vel og fint at han seier det, og at me er ulike, men det er då ein merkar at kvinner er frå Venus og menn frå Mars. Og om kvelden, når hjernen min vaknar, vil han helst sove; eg vil snakke. I tillegg diskuterer me jo, som så mange andre, ofte om husarbeidet: eg vil ha det meir ryddig, for av og til ligg det musikknotar og mattenotat over alt. Han vil at me skal støvsuge og skifte på senga når eg er på mitt trøyttaste.

Me er ikkje like, men me er heller ikkje så ulike. Det er vel slik me passar saman. Med dette innlegget vil eg berre påpeike at også me har vore uvanar og at me også kranglar og diskuterer, og av og til kjem det nokre tårer. Dessverre er det jo slik at det er få som skriv om dei vanskelege tinga på dagleg basis. På Facebook, Twitter, bloggar, med andre ord sosiale medium, blir det meste framstilt som ein draum. Trening, gåturar, verdas beste familie, bra kosthold, shopping, alt det kjekke er det som blir nemnt mest. Eg meiner ikkje at alle framstiller alt perfekt heile tida, men mange blir deprimert fordi dei berre les om andre som, på nettet, har det så ufatteleg mykje betre enn dei sjølve. Men eg er ikkje så flink til å skrive om det sjølv heller, det er noko med at slike ting er mellom han og meg. Samstundes vil eg få seie at det å vere sambuar er noko som, for min del, gjer livet rikare, trass i diskusjonar og uvanar. Ein må jo jobbe for forholdet og kvardagen, men ein får så mykje igjen for det. Me ler saman, pratar om alt og ingenting, lyttar til kvarandre. Av og til et me ute på restaurant, men for det meste lagar han middagen og eg tar oppvasken. Me koser oss saman og me kan vere oss sjølve når me er med kvarandre. Eg føler meg trygg og elska, og sjølv om det kjem tunge dagar innimellom, er det så utruleg verdt det, det å dele kvardagen og livet saman 

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Maiken sa...

det blir nesten vanskelig å kommentere hvilke tanker jeg sitter med, men magefølelsen smiler. du skriver så godt!

Silje sa...

Tusen takk, Maiken! Eg prøver å skrive om noko meir enn berre trivialitetar innimellom også, men det er ikkje så lett å setje ord på det alltid. Men av og til set eg meg ned og berre skriv, slik som med dette innlegget :) Håper du har det fint; kjekt å så vidt treffe deg før me drog til Kr.sand :)

Moder'n på Møre sa...

Hei - da har vi kommet heim fra ferie nr. 2, så jeg kan følge litt med her igjen :-) Ser at du har fornyet utseendet på bloggen din litt mens vi var borte. Fin!

Jeg syns jo jeg må kommentere dette litt, for gjett om jeg kjenner igjen det du skriver. For jeg har jo delt hus med den eldre utgaven av den sindige sunnmøringen i mer enn 40 år :-)) Og jeg tror at den yngre utgaven som du må "hanskes med" er mye lik den eldre i måten å takle ting og tang på. Og ikke nok med det, men hun som er gift med broder'n hadde lest dette og påsto at hun også kjente igjen faktene - ha, ha! Kan det være arvelig, tro? Men hun sa også at hun var VELDIG fornøyd med slik hennes "utgave av den sindige sunnmøringen" var (ja, ja - hun brukte jo ikke akkurat de orda, men meningen var der). Så da er vi vel alle i grunnen fornøyde, sjøl om sindigheten til sine tider kan være grusomt irriterende :-) De kunne jo f.eks. holdt til et sted LITT nærmere enn Mars, men jeg tror dessverre at hjernene til menn "bare er slik". Så du får nok bare venne deg til det - sindige sunnmøringer er da ikke det verste man kan komme ut for!

PS: kjenner også igjen det med "konflikten" mellom snakkende dame og sovende mann :-)
Og det med noter og annet arbeidsstoff høres kjent - var ikke helt fritt i hans yngre år heller...

Silje sa...

Håper de hadde det fint på ferie. Me fekk eit kort her i postkassa vår for nokre dagar sidan i alle fall ;) Og for å ta det siste fyrst: sindige sunnmøringar er absolutt ikkje det verste ein kan komme ut for! Men eg er einig i at dei (menn generelt) av og til kunne ha vore litt nærmare oss enn Mars, men, men. Artig at det er andre som kjenner seg igjen i det eg skriv ;)

Med tanke på forandringa her på bloggen, så synest eg sjølv at det var på tide med litt nye fargar og bilete :) Forandring frydar!

Moder'n på Møre sa...

:-) Nå må du ikke glømme at han i tillegg til å være "sindig sunnmøring" også har en god porsjon seigt trønderblod i årene! Kanskje det også medvirker til innstillingen om at "det ordner seg"? Du som sjøl er en kvarting av det slaget, vet jo at trønderan e træg - litt sindige og si'rompa :-) Tror ikke at vi har det med å blåse opp bagateller til store problemer. Ligger nok heller litt bakpå og avventer. Lurer på om det var trøndergenene som gjorde at dere matchet - dine fra Hitra og hans fra Frøya/Hemne (samme område, vet du). Det er jo noe felles der da...

Silje sa...

He, he! Ja, det kan nok hende det er noko i det du seier ;)

Legg igjen ein fin tanke