Eigentleg heilt greitt å vere tilbake på jobb. Så klart, det er alltid litt tungt å måtte stå opp tidlegare om morgonen, særskilt etter sommarferien. Men det var koseleg å sjå kollegaane mine igjen og heldigvis tok det ikkje lang tid før eg hadde komme meg i gong med arbeidsoppgåvene mine. Kjekke kundar og eit lite hundebesøk løfta dagane litt ekstra. Og så hadde eg fri på måndag og hadde dimed ei litt kortare arbeidsveke. Her heime har me fortsett med å ha lesestunder i lag, og sjølv om dei ikkje blir så lange når begge har vore på jobb, er det likevel nok til å få senka skuldre. No i helga hadde me få planar, har gjort litt hus- og hagearbeid, ein liten tur og ein dæsj med lesing:
✦ likte godt å lese Christie-boka Gammel dame forsvinner
✦ lesing i hagen vil alltid vere noko eg set stor pris på
✦ kjempeflotte dahlia hos naboen
✦ Mandy Baggots bøker frå Korfu, som Summer Ever After, er garantert å gi sommarkjensle
✦ lesekrokinspirasjon i fleng
✦ hundebesøk på kontoret
✦ byrje å sjå Astaire- og Rogers-filmen The Story of Vernon and Irene Castle
✦ gå ein tur etter jobb på fredag i lag med ei god veninne
✦ tre superkjekke kundar på ein og same dag
✦ bøker om bøker: Dagene i Morisaki bokhandel av Satoshi Yagisawa
✦ grønsaker frå plantekassene på jobb
✦ "Top 10 Opening Songs in Movie Musicals" – m.a. The Sound of Music og Jesus Christ Superstar
✦ laurdagspizza, film og strikkeprosjekt
✦ to fine og søte kort som eg kjøpte på interrailturen, har no fått plass på kontoret
✦ skyene på himmelen ein av morgonane
✦ handle på den økologiske gardsbutikken på Ullandhaug
✦ treffe kollegaane mine igjen etter ferien
✦ skuggespel på den eine veggen i stova
✦ regnboge og solnedgang på ei og same tid
✦ heimekafé etter sundagstur må vere noko av det aller beste, så klart med ei bok og lokale cookies


Legg igjen ein fin tanke