10. aug. 2026

Orrestranda






Strandtur på ein vindfull dag. Heldigvis regna det ikkje så mykje på laurdag som i går – då datt det verkeleg ned – så sjølv om det var ein god del vind, tok me turen til Orrestranda for å lufte oss litt. Joda, det er andre strender som er nærmare, men det var nettopp difor me drog ut dit sidan me hadde ferie og god tid. Kjenne dufta av sjø og strand og høyre bølgene slå inn mot land.






Vinden som løfta håret, og nokon nytta sjansen til å fly med drake sidan vinden tok såpass godt tak. Ein lang gåtur blei det ikkje, men det var ikkje det viktigaste. Sidan både han og eg var småforkjøla, var målet å berre bevege litt på oss. Strå, fjør og blåklokker fekk me også auge på, og før me køyrde heimover, blei det ein liten lapp med syltetøy og kaffi ved Friluftshuset. Skal ikkje meir til.

Legg igjen ein fin tanke