Sauar, planetar og togskjener, ikkje akkurat ting og tang ein tenkjer ein kan finne på den same plassen, men rundt Stokkalandsvatnet finn ein jaggu meg alle tre. Frå parkeringa, rundt vatnet og tilbake igjen, var det nøyaktig fem kilometer, og det var herleg å gå ein liten sundagstur der i helga.
Planetstien er ein kopi av solsystemet, og togskjenene er restar etter nedlagde Ålgårdbanen. Synest det raude fuglehuset på vatnet er like fint kvar gong me går der. Og så må eg smile av det lille biblioteket og eventyrhagen med så mange kjente og kjære figurar. Etterpå var det middag på Sola.
Legg igjen ein fin tanke