11. aug. 2026

Den der Kiel-ferja




God tid om morgonen på vår andre feriedag, og me åt frukost i lag med svogerfamilien, prata og tok det med ro. Etter kvart fekk me skyss inn til Filipstad der båten legg til kai. Å ta ei slik stor ferje som det Kielbåten er, er nok ikkje det grønaste valet, men til og med for oss som er toginteresserte, kan det bli litt mykje å tråkle seg gjennom Danmark og Tyskland på skjener. Særskilt om somrane med mykje sporarbeid. Ferja mellom er dimed Oslo og Kiel eit enklare alternativ sjølv om me fyrst må frå Stavanger til Oslo. Knallfint vêr, så me og alle dei andre sat ei stund ute på soldekket. Me åt nista vår og las før me litt etter litt gjekk inn, drakk kvar vår kaffi, delte ein is og las endå meir. 





Om bord er det fleire kaféar og restaurantar, og ein må ikkje velje bufféemiddagen slik me ofte gjer (fyrst og fremst fordi det er enkelt). Sidan det allereie var fullt på dei aktuelle klokkesletta om me ville ha buffée, enda me opp med å førehandstinge trerettars middag – litt flott kan det jo vere av og til. Rettane var ypperlege og det smakte ordentleg godt, noko heilt anna enn førre gong me tinga ein slik middag på ei ferje sidan eg den gongen var forkjøla. Resten av kvelden gjorde me lite og ingenting anna enn å lese og sjå litt på TV, men det passa oss eigentleg heilt fint.

Legg igjen ein fin tanke