Innrømmer at det ikkje er berre berre å komme ordentleg i gong etter sommarferien. Eg er jo eit vanemenneske, og når ting og tang plutseleg er litt ute av rytme, tar det innimellom lengre tid før det fell på plass. I løpet av hausten kjem eg til å få nokre nye arbeidsoppgåver på jobb, noko eg trur blir bra, men det vil nok ta ei lita stund før eg har fått taket på alt det nye. Og jepp, eg trur i tillegg at hovudet mitt framleis er litt i feriemodus. Ha, ha, det er vel eit ganske kjent fenomen ;) Om ikkje anna har eg klart å lese ein god del, prøvd å senke skuldrene, høyrt ein fortreffeleg orkesterkonsert, og helga synest eg blei akkura passe sosial med spelekveld, gåtur og familiemiddag:
✦ fint og vemodig å lese bok nr. seks av Heartstopper, Oseman har skrive ei bra avslutning
✦ rart at det i dag er eitt år og ein dag sidan me kjøpte bustaden vår
✦ likte godt novellesamlinga New York-fortellinger av Amor Towles
✦ stor stas å høyre Gustav Holsts verk Planetene med Stavanger symfoniorkester
✦ viss du berre skal høyre ein av satsane: her får du "Jupiter"
✦ enkel laurdagstaco
✦ og sidan spele "Ticket to Ride" hos eit venepar i går kveld
✦ alltid busslesing
✦ besøk av ein ekte kontorhund også denne veka
✦ viss me nokon gong er i Edinburgh, må me berre besøke denne herlege sauebutikken
✦ sundagsmiddag med dessert heime på Sola
✦ to blidfisar i finstasen i konserthuset
✦ kanskje eg må lese denne boka: The Art of Reading
✦ morgonsola då eg venta på bussen ein av dagane
✦ spele eit par tonar på trombonen i dag, for på tysdag er med i gong med ein ny orkestersesong
✦ gøy å ete plomme og tomatar frå hagen i lunsjpausen
✦ det er ikkje enkelt å tørke støv når Olive vil vere med og hjelpe
✦ lese i hagen (sjølv om det berre var ein ettermiddag)
✦ skuggespel på kontorveggen
✦ kontrasten mellom den mjuke himmelen og den røffe graffitien
✦ akkurat passe sundagstur rundt Stokkalandsvatnet (og der er det også planetar)
✦ klagar ikkje på ei sommarbok, kaffi og noko attåt


Legg igjen ein fin tanke