18. aug. 2026

Liten lengt etter dette turområdet





Mosvatnet som nærmaste nabo, det må vere noko av det eg saknar aller mest etter at me flytta. Å gå ein tur rundt vatnet her om dagen, inkludert ein liten lesepause, gjorde godt for både kropp og sjel.





Svane i einsam majestet og alle dei fine endene både her og der langs løypa, skulle gjerne ha tatt turen oftare. Eg er glad for at me ikkje bur langs motorvegen lenger, og me var nok leie av å bu i blokk, men å ha dette turområdet rett utanfor døra, det kan eg kjenne at eg av og til lengtar etter.

Legg igjen ein fin tanke