19. sep. 2013

God tid, dårleg tid

Dagane går så altfor fort. Vekene fyk av stad, det er fort gjort å gløyme at ein bør nyte dagane, ta det litt med ro. Me er inne i ei tid kor mange av oss spring frå skule til jobb, til trening og jobb atter ein gong. Tidsklemma kallar me det. Det kjennast ut som om det er om å gjere å gjere mest mogleg på ein gong, me har ikkje tid til å treffe folk i det verkelege liv eller berre setje oss ned utan å gjere noko spesielt. Me deler bilete på nettet, på Facebook og Instagram, me deler setningar om kva me har gjort den og den dagen, det har me tid til. Det er heile vegen eit jag etter å fylle dagane best mogleg slik at me har tid til alt. Men treng me ikkje å skru av dataen eller mobilen, setje oss ned i sofaen med ei god bok, ein varm kopp med te eller kakao og eit varmt pledd av og til? Er ikkje det også viktig å setje av tid til? Kan me ikkje av og til ta det med ro, la tida snigle seg av stad, akkurat som snigelen i skallet sitt som lar tida fyke forbi mens den tar skritt for skritt, sakte, men sikkert?!

Sjølv så går dagane mine også i eitt, og i dag har eg vore på skulen fram til fire og så rett på jobb kor born spring rundt i pausen med superhøgt volum, og no når klokka nesten er åtte, er eg relativt sliten. Men sånn på fredagar og i helga, er det godt å ha nokre timar der eg ikkje tenkjer på skule eller jobb. Eg treng det. Det er ikkje sikkert alle gjer det, men eg meiner at me ikkje er flinke nok til å kjenne på roa, og plutseleg ein dag seier kroppen "stopp". Eg veit jo sjølv korleis eg er, og at eg sikkert kan jenke meg litt med tanke på at det alltid skal vere ryddig rundt meg, at oppgåva eg skriv skal vere perfekt osb. Men eg klarar i alle fall å setje meg ned med den gode boka eller den herlege TV-serien, bare slappe av, la tankane segle sin eigen sjø. Så klart liker eg, og treng eg, å møte vener og fine folk, å gjere noko saman med andre, vere sosial, og ikkje berre sitje åleine i sofaen. Men eg vil berre setje litt fokus på det at mange av oss ikkje "har tid" til å roe ned, tid til å senke skuldrene. No når hausten er her for fullt, oppfordrar eg dykk til å setje av tid til å tenne eit stearinys, høyre på fin musikk, lese favorittboka på ny eller gjere noko anna som får deg til å slappe av. Hausten er ei tid med mørke og kalde dagar, og då er det fint å kunne kose seg med stearinlys, bok, gode vener eller alt på ein gong. Prøv å nyt hausten og tida som kjem – plutseleg er det 2039 og du lurer på kor tida blei av, kva du eigentleg har gjort i de åra som har foke forbi.

Legg igjen ein fin tanke