Måndagskveld, og me fyk vidare av garde. Ikkje bokstaveleg tala, men eg fortset med å dele nokre togbilete frå årets interrailtur. Neste etappe var Kiel til Brussel med både tog og buss for tog mellom Neumünster og Hamburg. Stort sett gjekk det greitt om ein ser vekk frå at bussen dulta borti ein ambulanse, det blei full stopp og me måtte hoppe på ein lokalbuss ganske langt unna Hamburg Hauptbahnhof. Me kom fram eit minutt etter at toget skulle ha gått (me hadde eigentleg ein halvtime å gå på), men toget var nokre minutt forseinka og stod framleis på perrongen. Puh.
Frå Hamburg til Köln var det ein togtur der me fyrst og fremst las og prøvde å puste ut etter den spurten på togstasjonen. Vel framme i Köln, hadde me dryge to timar til dagens siste togtur skulle starte, og me fann ein liten restaurant der me åt pizza. Kölnerdomen stod der rank og majestetisk. Etter endå litt meir venting, tok me fatt på det siste strekket og kom fram til Brussel rett rundt kl. 23. Ein gyllen solnedgang langs togskjenene var eit flott syn på tampen av ein lang reisedag.

Legg igjen ein fin tanke