22. aug. 2026

Morgontimar i Brussel





Laurdagskjensla med mykje lesing, det er slik det har vore her i byen i dag. For akkurat ein månad sidan, vakna me opp i Brussel. Me hadde greitt med tid før me skulle ta Eurostar-toget til London, så me åt ein halvsein frukost på hotellet før me traska mot Grande-Place, mest fordi me hadde tid. Digga dei fargerike syklane oppover ein husvegg og fotgjengarfeltet i regnbogens fargar. 






Sidan me fyrst var der, måtte me jo vere ekte turistar og ta ein titt på Manneken Pis. Rart å sjå kor liten statuen eigentleg er, for den er berre ein dryg halvmeter høg. Bygga på Grand-Place er nesten litt for overdådige i mine auge, og det var eigentleg kjekkare å sjå nokre kjente teikneseriefigurar på ein liten husvegg (hei, hei, Tintin, Terry og kaptein Haddock). I bokhandelen/teikneseriebutikken Moule à Gaufres såg me andre kjente figurar før me traska tilbake til hotellet og pakka oss ut.

Legg igjen ein fin tanke