Togturen mellom Brussel og London har me tatt eit par gongar no, og eg skal ærleg innrømme at på den relativt korte turen, blir det oftast mest lesing og ikkje så mykje togvindaugetitting. Men mjuke høyballar som ein kontrast til himmelen fekk eg auge på før me køyrde gjennom kanaltunnelen. Vel gjennom på andre sida, såg eg ei lita rekkje med veteranvognar (dei er gode på veterantog i England) før det blei meir landleg landskap. Fram med boka og las litt meir før me byrja å sjå fleire og fleire hus og bygg, og plutseleg var me der igjen. På St Pancras railway Station i finaste London.

Legg igjen ein fin tanke