Mormor hadde bursdag i går, og difor vil eg seie: "Hipp, hipp hurra!" Og av den grunn kom eg på å ha mine favorittdatoar, eller favorittdagar, som vekas topp fem. Når det er sagt, har eg foreløpig hatt ei kjempefin helg der me i går var på skulen og jobba litt. Om kvelden hadde me god vegetarpizza til middag mens me såg den siste filmen om Harry Potter. Lettrørt som eg er, sat eg og grein meg gjennom siste halvdelen av filmen. Jada, eg har sett den før og veit det går bra, men likevel. Tror mitt nye tilnamn etter i går er "tute-guri". Vel, nok om det for denne gong ;) Her kjem det eg eigentleg skulle skrive om, nemleg vekas topp fem som er mine favorittdatoar:
24.desember - finaste dagen i året med stjerne i toppen av treet, Askepott og Gulltopp, bunad og fin kveld med min herlege familie
påskeaftan - den har jo skiftande dato, men eg tar den med likevel, for å høyre finalen av "Påskelabyrinten" og ha ordentleg quizkonkurranse på hytta, det er fint, det
14.desember - for snart fem år sidan hadde eg mange, mange sommarfuglar i magen, og den dagen vil for alltid bety noko ekstra
29.mai - mamma og pappa sin bryllaupsdag; utan dei hadde ikkje eg vore her i dag (ja, eg veit, skikkeleg klisjé, men sant er det jo)
31.desember - å feire inngangen til det nye året saman med gode vener og kjærasten, er så kjekt og utruleg fint (og så "må" eg berre nemne at 1. nyttårsdag, midt på natta, også er ein finfin dato...)
Legg igjen ein fin tanke