Kjenner det er litt rart å skrive ei sundagsliste igjen etter nokre veker på tur. Me har opplevd så mykje, der mellom anna Paddington-musikalen og tur i Peak District står igjen som to av høgdepunkta (noko som ikkje var høgdepunkt: me blei nesten to timar forseinka på togturen frå Oslo til Stavanger på tysdag). Likevel er det den siste veka eg skal prøve å oppsummere, så får tekst og bilete frå ferien komme litt etter litt (akkurat som vanleg med andre ord). I år valde me å vere litt kortare på tur slik at me kunne få siste del av ferien heime. Pakke ut, rydde, vaske klede, senke skuldrene og berre lese i kvar vår bok. Vêret her desse dagane har ikkje vore det heilt store, så hagelesing har det ikkje blitt. Men me var ute og gjekk langs ei fin strand i går, og i dag åt me middag heime på Sola saman med familien. Og Zalo, tihi. Her er resten frå både toget og heime:
✦ nyaste boka til Lars Saabye Christensen, Kjøkken, er ei god bok full av 70-talets fargekolorittar
✦ dufta av heimebakt brød
✦ tøff og viktig bok: Vi var de håpefulle av Rebecca Makkai
✦ kaffi og vaffel på toget løfta den lange togturen i alle fall litt
✦ det er visst bokelskaranes dag i dag, og denne illustrasjonen av Ellie Hooi er berre supersøt!
✦ hente ein bokhaug på biblioteket og sidan byrje på ei av dei og drikke god kaffi
✦ tur langs Orrestranda
✦ gul og kul lampe på hotellet i Kiel
✦ trass laaang togtur, var det fint å etter kvart sjå det jærske landskapet ut togvindauget
✦ "Top 20 Movie Momenets That Changed History" - til dømes Fred Astaires "danse-i-taket"-scene
✦ lese på soldekket på båten
✦ hauste tomatar og agurk frå hagen
✦ stikke innom Hole gardsutsalg i går etter strandturen
✦ ha, ha, når folk skal uttale namnet til Hyacinth Bucket
✦ fleire gode lesestunder her heime, han fine og eg
✦ middag heime på Sola med familien og Zalo
✦ og me hadde pavlova til dessert og prøvde "UNO Liars"
✦ framleis blomar i hagen vår
✦ sjå filmen Under kirsebærtrærne på Filmoteket (eg las jo boka, Sweet Bean Paste, tidlegare i år)
✦ laurdagstaco og fyrste halvdel av Ringenes Herre: Atter en konge
✦ kveldslyset etter øsande regn
✦ Mandy Baggots sommarbøker, her Truly, Madly, Greekly, kaffi og noko søtt attåt


Legg igjen ein fin tanke