11. sep. 2013

Ei lita liste over ting som gleder meg ein onsdag i september

Omtrent midt i veka. September er godt i gong, og hausten er på veg. Mange synest at hausten er så innmari fin med varme klede, laga på lag. Eg liker best våren og sommaren, så no når hausten er her, er det kjekt å kunne ha ei lita liste med små ting som gjer hausten litt lysare. Her er lista som eg skreiv på bloggen i fjor, og nokre av tinga er jo like fine i år. Kva får nettopp deg til å bli meir blid ein onsdag i september, no når hausten er komme og vêret blir kaldare? Eg har klart å plukke ut nokre punkt som får meg til å sjå lysare på hausten som no er her:

✦ høyre på musikken til Laurence Fox – hans litt hese og rolege stemme gir meg ei herleg ro i ein av og til litt stressa kvardag
✦ vite at hjartesmil si bok & me skal bli omskapte, som ho har skreve med kjærasten, snart kjem ut
✦ gå i kjole eller skjørt med ullstrømpebukse på beina
✦ lage fargepalett til bryllaupet og finne inspirasjon på Pinterest (her byrjar ein tidleg...)
✦ drøyme seg vekk blant alle dei fine tinga folk lagar på etsy.com
✦ sjå Before Midnight på kino, den siste filmen i trilogien om Jesse og Celine med fine bilete og fin dialog (eg må berre sjå film nr. to før eg kjem meg på kino for å sjå den siste filmen)
✦ kose meg med film og kaffi under eit teppe, med stearinlys på bordet og han der fine ved sidan av meg
✦ dei fargerike blada som kjem på trea, spesielt når det nettopp har regna og regndropane ligg som dogg på dei
✦ sjå vidare på sesong to av Heartbeat
✦ denne og denne musikkvideoen av Ylvis (og nei, det er ikkje den om reven)
✦ lese gode, lune, fine, spennande bøker

9. sep. 2013

Lilla laurdag

Skal snart på korpsøving og i den anledning legg eg ut nokre bilete frå korpsbesøket me hadde på laurdag. Me var ikkje så mange, og eg tok ikkje så mange bilete (må bli flinkare til å ta bilete av menneskjer), men me hadde det ordentleg koseleg me seks som var samla. I sommar vann eg ein liten give away på denne bloggen med diverse sminkesaker, deriblant ein lilla neglelakk. Fann ut at eg måtte prøve den, og det gjorde eg på laurdag – saman med ein lilla strømpebukse :) Nøgd med den neglelakken, ja. Elles blir det ei veke med skule og jobb, litt pensumlesing og sikkert noko kjekt i helga, ei heilt normal veke, akkurat slik den skal vere. Og: hugs å bruke stemmeretten i dag!

8. sep. 2013

Topp 5 – songar frå Kaptein Sabeltann si verd

Kjempekjekt med litt besøk her i går kveld! For min del synest eg det er like kjekt å vere vert og ha besøk som det å   besøk. Og før eg gløymer det: her er lenkja til brassbandet sin blogg, og no har me lagt ut nokre bilete og tekst med tanke på det speleoppdraget me hadde 17.august i Grimstad. Det var så himla artig! Vel. I dag skal eg plukke ut mine fem favorittsongar frå Kaptein Sabeltann si verd. Det er vel ikkje ein løyndom at eg lenge har vore fan av Kaptein Sabeltann. Som sjuåring var eg i Kjuttaviga for å sjå ei av framsyningane. Ikkje at eg hugsar så innmari mykje, men stemninga og særskilt det å kunne vere oppe så lenge (var jo midt på svarteste natta) som sjuåring – det var kult. Eg hadde til og med Sabeltann på russebuksa mi (sjå biletet). Med åra har eg ikkje følgt like godt med, så det er jo dei gamle "klassikarane" eg kan og som eg titt og stadig trallar på. Og det å velje berre fem, huff, det er vanskeleg ("Venner", "Vi må ikke si et ord" og "Her vi bor" er tre som nesten kom med på lista, og som er så fine at eg måtte nemne dei):

"Kongen på havet" - "...jeg kunne seilt med vinden og bare drømt meg bort". Så innmari fin tekst og melodi, utan tvil min favorittsong

"Pinkys sang" - fengande melodi som er lett å hugse

"Sjørøvernatt" - kjempefin ballade som blir sunge av Terje Formoe (som seg sjølv; ikkje som Kaptein Sabeltann)

"Grusomme Gabriels spøk" - som liten var eg redd for Grusomme Gabriel, og eg har minne om denne songen som både skremmande og spennande

"Sjørøverne kommer" - og sist, men ikkje minst, kjenningslåta, den dei fleste assosierer med Kaptein Sabeltann

6. sep. 2013

Ryddedag og gode minne

Slakk fredag her med tanke på at eg ikkje har forelesning. Var på Camilla Collett-konferanse i går i tillegg til jobb, så dagen blei lang nok. Difor tar eg det med ro i dag, og det kjem ikkje til å bli gjort så mykje skulearbeid. Eg har byrja å lage julegåver (tidleg ute for ein gongs skyld, og eg kan jo ikkje leggje ut bilete av dei så klart), og elles så blir det litt rydding, for i morgon får me besøk i frå eit par av dei fine folka frå brassbandet. Det kjem til å bli kjempekjekt! Og så har eg, etter nokre år i ei skuffe, fått ramma inn to fine bilete frå Afrikaturen. Har rydda plass til dei i stova, og eg merkar at eg blir varm om hjartet; mange fine minne strøymer på. Det er ein tur som eg for alltid vil hugse – rafting på Nilen, besøke barneheim og skular, plante tre, safari i Masai Mara, å ta dykkarlappen på Zanzibar, bli kjent med nye folk – alt dette saman med så utruleg herlege personar frå klassen min på folkehøgskulen. Tenk at det snart er fire år sidan me var ute på ein så fantastisk tur...

4. sep. 2013

Kjekk lesing ute i sola

Tenk at me skriv fjerde september og at eg enno kan gå rundt i kjole utan strømpebukse! Ein av orkidéane våre blomstrar og klokka åtte om kvelden er det 17 varmegradar ute. Det er herleg det, sånn ordentleg seinsommar når hausten eigentleg skulle ha vore her... Her går det for det mest i skole, jobb, korps og ein del lesing. Pan og Raseri: en hvitings forsøk på en selvbiosofi er nokre av bøkene det går i. I løpet av hausten blir det også Peer Gynt, nokre noveller av Blixen og andre småtekstar. Men oppi alt dette her, har eg endeleg fått meg til å gå bort til bokhylla og hente fram ei bok som eg høyrt så mykje bra om, nemleg Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant. Sat ute i sola og las i går, og gurimalla, så artig. Eg har ikkje komme så langt enno, men eg gleder meg til å bli betre kjent med Allan Karlsson og alle dei finurlege tinga han finn på :D

2. sep. 2013

Sundagsdate

Sundag er ein av dei finaste dagane i veka. Ein kan stå opp seint, eller tidleg for å få mest mogleg ut av dagen. God frukost med mykje kaffi og elles ein roleg dag. Alle sundagar er ikkje sånn; av og til skal ein kanskje på konsert eller besøk, men likevel er sundag ein herleg dag. Då me skulle ete middag i går, kledde me oss i litt finare klede, eg i prikkekjolen min og han i ei fin skjorte, og så åt me god avokadosalat. Det stod stearinlys på bordet og på skjermen var det Harry Potter & halvblodsprinsen. Kjempefint og så utruleg koseleg å ha ein ordentleg heimedate, ikkje berre "slakkekveld". Og så er det jo kjekt å pynte seg litt på ein heilt vanleg sundag ^^

1. sep. 2013

Topp 5 - plagg frå "Downton Abbey"

Dei som har lese bloggen ei stund, veit at ein av mine absolutte favorittseriar er den britiske dramaserien Downton Abbey. Eg drøymer meg vekk, lever meg sånn inn i serien, og av og til skulle eg ønskje at eg kunne vore med i ein episode berre for å kunne gå i nokre av kleda dei bruker. Kjolane, hattane...*sukk*. Difor er mine topp fem denne sundagen plagg frå serien:

brudekjolen til lady Mary - det var knytt store forventningar til kjolen då det var klart at lady Mary skulle gifte seg med Matthew, og for min del skuffa den ikkje

denne buksedressen - lady Sybil overraska alle i ein episode med å ta på seg ein nymotens buksedress (hugs: dette var ikkje vanleg på 1920-talet)

lyseblå kjole med tilsvarande hatt - herleg dusblå farge på denne kjolen, og hatten passar så utruleg godt til kjolen og på lady Mary

turkis kjole - både fargen og stilen er fantastisk (ååå, om eg kunne hatt ein slik kjole)

burgunderraud kjole med blonder og broderi - lady Cora, frua i huset, kan også det å kle seg, og denne kjolen, i tillegg til tiaraen på hovudet, er noko av det finaste