4. sep. 2013
Kjekk lesing ute i sola
Tenk at me skriv fjerde september og at eg enno kan gå rundt i kjole utan strømpebukse! Ein av orkidéane våre blomstrar og klokka åtte om kvelden er det 17 varmegradar ute. Det er herleg det, sånn ordentleg seinsommar når hausten eigentleg skulle ha vore her... Her går det for det mest i skole, jobb, korps og ein del lesing. Pan og Raseri: en hvitings forsøk på en selvbiosofi er nokre av bøkene det går i. I løpet av hausten blir det også Peer Gynt, nokre noveller av Blixen og andre småtekstar. Men oppi alt dette her, har eg endeleg fått meg til å gå bort til bokhylla og hente fram ei bok som eg høyrt så mykje bra om, nemleg Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant. Sat ute i sola og las i går, og gurimalla, så artig. Eg har ikkje komme så langt enno, men eg gleder meg til å bli betre kjent med Allan Karlsson og alle dei finurlege tinga han finn på :D
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke