30. okt. 2025

🍂💛🍁









Alle fargane i oktober. På veg til jobb, på veg frå jobb, langs Mosvatnet og nabolaget. Kvart år blir eg like glad når eg går blant alt dette vakre. Eg gøymer alt dette i hjartet, for eg veit at november er her om berre ein dryg dag, ein månad som ofte er kald og blaut. Forhåpentleg er det nokre fargar att slik at det ikkje berre blir grå dagar, men for no er det ein ordentleg haustfargebonanza!

29. okt. 2025

Easy Spring Tee





Vel er det haust og ikkje vår, men Easy Spring Tee frå easy as knit kan ein fint bruke også på denne årstida om ein har ein tynn genser under eller ein cardigan oppå. Eg diggar fargespelet mellom hovudtråden Belle frå Drops og den håndfarga mohairen frå Unikt Garn. For no er den endeleg ferdig, og eg seier meg nøgd med min fyrste topp i eit slikt hòlmønster. Sjølv om eg strikka den i storleik XS i tillegg til å gå ned i pinnestorleik, synest eg den blei litt for posete for min smak. Eg har difor sydd i ein tynn, elastisk strikk i livet slik at den i alle fall markerer midja litt betre, og det gjorde mykje av susen. Blir kjekt å ta den i bruk, både haust, vår og kanskje sommar.

28. okt. 2025

Bilton Barns ved Alnmouth






Tre netter i eit ombygd høyloft. Medan me pakkar og styrer på her heime, tenkjer eg tilbake på dagane våre ved Bilton Barns nær Alnmouth i Northumberland. Bilton Barns er ein gard der ein del av bygga er gjort om til små leilegheiter og hytter. Det meste på garden var allereie booka, men det var ledig til oss i Emma-suiten. Her slappa me av om kveldane, laga enkel mat, las i kvar vår bok og såg litt på film (artig at det låg nokre DVD-ar i stova, det er ikkje så ofte me bruker det for tida). 
 






For oss var dette ein perfekt plass å ha som base medan me utforska Northumberland. Trur me begge syntest det var litt godt å klare oss sjølve og ikkje kvar dag måtte gå ut for å ete middag. Garden har utsikt til sjøen, og i alle fall to av kveldane var det eit nydeleg kveldslys over hustaket, jordet og horisonten. Klagar aldri på kaffi med utsikt, med andre ord hadde me fleire flotte morgonstunder også. På avreisedagen helste me på kalvane, for det var både kyr og sauar på garden. I tillegg såg me både fasan og hare. Alt i alt eit ypperleg opphald som eg varmt anbefaler vidare! 

26. okt. 2025

Siste helg her i blokka






Etter å ha komme heim frå orkesterøvinga i går, rydda me og gjorde reint i heimen, og mannen min sa at "tenk, dette blir siste gongen me støvsuger leilegheita medan me bur her". Og det er litt rart, på ein måte også sentimentalt sidan me har budd her såpass lenge. Samstundes er eg nokså ferdig med å bu i blokk, så akkurat no kjennest det ikkje så trist ut å skulle flytte (men spør meg igjen til helga). I butikken har me tidvis hatt det travelt, særskilt med alle julevarene som er komme og skal på plass rundt om i lokalet. Joda, eg synest det er litt vel tidleg, men det er no slik det er. Midt oppi pakkinga no i helga, har me spelt konsert med orkesteret, med andre ord har det vore nok å gjere: 
 
✦ starte veka roleg med kaffi, pledd, ullgenser og ei bra bok 
✦ morgonhimmelen på torsdag, og eg stoppa å sykle for å kunne nyte synet litt ekstra
✦ høyre fuglane syngje på veg til jobb 
✦ endå fleire fargerike motiv i øvingslokalet der me øver med orkesteret  
✦ nyttig og kjekt å lese at musikk og det å spele eit instrument er bra for hjernen 
✦ haustleg tre mot ein gyllen solnedgang 
✦ sollyset inn i leilegheita vår 
✦ lage god laurdagspizza og sjå ein bra film 
✦ 2020-versjon av "Seasons of Love" frå RENT med originalbesetninga
 tilbakeblikk på ei fin, lita stund ved stranda i Bamburgh i juli
✦ innmari gøy å høyre Maria Parr lese høgt si eiga bok Oskar og eg – Alle tinga vi har (lydbok, altså)
✦ pakke, pakke, pakke – berre fem dagar til me tar over den nye bustaden 
✦ Jane Austen og afternoon tea i ein og same video frå Miranda 
✦ likte godt B. K. Borisons bok First-Time Caller, ein moderne versjon av filmen Sleepless in Seattle 
✦ ei veke sidan ein nydeleg haustbiltur mellom vest og aust 
✦ to øvingar og sidan konsert med orkesteret 
✦ asfaltfint etter ein regndag 
✦ alltid fint med eit glimt av Haru som den skjønnaste lille kattepusen 
✦ prate med ein kunde om det å byggje bokdiorama 
✦ å, alle bøker kunne ha hatt slike fine sider ("sprayed edges") viss du spør meg ;) 
✦ haustfargane ute no, på buskar, bakken og trea 
✦ bøkene til L. M. Montgomery er ei glede å lese og eg koste meg med The Road to Yesterday 

23. okt. 2025

Ganske så magisk biltur




Både fredag, laurdag og sundag fekk me glimt av den gylne sola. På veg austover fredagskveld, måtte eg fleire gongar leggje frå meg boka og berre titte ut av bilvindauget. Himmelfargane som spegla seg i vatnet, vakkert og magisk på ei og same tid. Sola skein gjennom nokre tre ein plass, og seinare på kvelden såg me ein ordentleg tøff veteranbil. Klagar heller ikkje på kaffi med utsikt dagen etterpå. 
 




For soloppgangen laurdagsmorgon, var slik at eg berre måtte ut medan me sat og åt frukost (det var ein terrassedør i sjølve frukostsalen). Stå der og nyte kaffi og morgonsola, ein liten augneblink for meg sjølv. Og då me vakna opp i Åsgårdstrand sundagsmorgon, var det ein knallraud sol som møtte oss. Eg håper eg aldri sluttar å nyte slike stunder, at eg aldri sluttar å bli varm i kroppen og kjenne ei ro når dagane er slik. Og haustkjensla langs resten av ruta på veg heim til Stavanger. 

22. okt. 2025

"I dag er alt vi har" 🎶






Eller "No day but today" som dei syng i originalen. I haustferien tok me oss ein køyretur til Trondheim: han for å besøke ei tante og eg for å vere i lag med ei av mine beste veninner, og endeleg fekk eg oppleve RENT! Musikalen var på Trøndelag Teater, og no har eg altså sett alle mine favorittmusikalar live på ei større scene! Sidan eg fyrste gong såg filmen og høyrde og song desse songane på folkehøgskulen, er det ein musikal som har vore med meg vidare i livet, og det var stort å få høyre den med levande band og ensemble. Skodespelarane og bandet imponerte i alle ledd, og det var både gåsehudfaktor, latter og tårer som rann. Før me drog til teateret, åt me ein superb trerettars på Le Bistro. Steinsopp- og kantarellraviolo til forrett, bakt blomkål til hovudrett og ein bronwiebasert dessert med bringebærsorbet og pistasjkrem, dette smakte heilt fortreffeleg. Atmosfæren på restauranten var akkurat slik me liker det, og me prata og lo i eitt sett. Likte meg dessutan godt på Trøndelag Teater, og det var ei litt magisk stemnig ute då me spaserte siste stykket heim til veninna mi si leilegheit – tusen takk for ein kjempebra og superfin kveld med besteste deg, du veit kven du er! ;) Og til slutt eit lite bilete av programbladsamlinga mi av musikalane på Folketeateret. Alt skal jo ned i flytteesker no, og medan eg samla dei i ein haug i går, var det litt artig å leggje dei ut og sjå kva musikalar eg har sett i det gamle operabygget – tretten totalt! Kva er favoritten?! Det er vanskeleg å seie, men eg kjem aldri til å gløyme kjensla av å oppleve Billy Elliot, den fyrste musikalen me såg på Folketetateret med Scenekvelder som produsent. 

21. okt. 2025

Bamburgh, eit slott ved stranda




Hoppar litt fram og tilbake, og fram igjen, i kronologien. Det er ofte slik det blir her på bloggen, for eg vil fortelje om både feriar, kvardagar og andre opplevingar og tar jamt over mange bilete som det tar tid å gå gjennom. På vår tredje heile dag i Northumberland, køyrde me fyrst til Bamburgh der me gjekk langs den fine sandstranda og såg Bamburgh Castle på den lille høgda. Slottet er fyrste gong nemnd i 547, men det opprinnelege bygget blei øydelagt av vikingar i 993. 





Meditativt. Ein pause. Å berre stå på stranda og sjå utover havet. Bølgane som slo inn mot land, høyre lyden av dei. Blåklokkene i sivet, den mjuke sanda, og ikkje minst den same sanda som kom oppi skoa våre. Tihi, eg filma at mannen min tømte den eine skoen, for det var ein del kan ein seie ;)