Turen vidare gjekk frå Oslo til Kiel med ferje, akkurat som i fjor. Ferja går kl. to midt på dagen, og det var difor me tok toget dagen før og overnatta hos onkelen min og kona hans (og for dei som er interesserte, skreiv eg noko meir om det å ta ferje i fjorårets innlegg). Vêret den tysdagen var kjempeflott, så etter å ha lagt frå oss bagasjen i lugaren, fann me – til slutt – ein plass på soldekket der me åt is og las ei lita stund. Synest framleis Kielferja er noko grell med alle neonlysa og heile pakken, men, men. Me gjer det på vår måte ved å vere mykje i lugaren der me slappar av med lesing, lesing og endå litt meir lesing. Gjorde det enkelt med buffé til middag, gjekk tilbake til lugaren der me såg ein episode av Med hjartet på rette staden på TV-en før me las litt til og tok kvelden.


Legg igjen ein fin tanke