12. aug. 2025

Kiel om morgonen, Aachen om kvelden




Tredje etappe på vår interrailtur skulle eigentleg vere Kiel-Frankfurt-Aachen. Vel i land i Kiel, fann me ut at det var togtrøbbel nær Frankfurt og la difor om ruta til Kiel-Hamburg-Köln-Aachen. I løpet av dei fyrste timane, blei det forsinkingar, heldigvis skulle me ikkje rekke noko; me skulle berre fram til Aachen. Humøret var bra, og det var kjekt å vere skjenelangs igjen etter eit døgn på båten.




Stort sett var vêret bra, men det var også ei lita stund med dropar på ruta. For det meste las me, slik me pleier å gjere på toget, og innimellom bytta me tog, den siste gongen i Köln. Flott fasade på togstasjonen i Aachen og så traska me til hotellet som låg nær stasjonen. Eg skal ærleg innrømme at eg var sliten etter å ha vore på farten ein heil arbeidsdag, og det var ikkje berre berre å bestemme oss for ein middag (kveldsmat). Mannen min fann ein liten restaurant i nærleiken der me kunne ta med oss ein falafelrett opp til rommet. La ein liten plan for neste dag, las og la oss halvtidleg.

Legg igjen ein fin tanke