Stykkevis og delt veke sidan min betre halvdel drog av garde til Krakow med jobb på torsdag og eg sjølv har vore på Stord og Bømlo i helga for å sjå The Sound of Music i lag med ei god veninne og ei veninne av ho. Kjempekjekk oppleving, og oppsettinga var rett og slett magisk! Eg veit, eg er ein ordentleg musikalnerd, men eg er ganske så stolt av det ;) På jobb har det tidvis vore veldig travelt sidan det var skulestart denne veka, og rett over helga no, er det studiestart for studentane. Zalo var heilt med ved frukostbordet, og det var stille torsdagsmorgon sidan han drog heim til Sola onsdagskveld. Kort fortalt mi veke, håper å få til ei lita leseøkt før me skrur av lyset:
✦ kvar månad koser eg meg med ei Christie-bok, og no var det One, Two, Buckle my Shoe
✦ seinsommardag på Ullandhaug
✦ lesing med flott bussvindaugeutsikt
✦ Zalo synest agurk var alle tiders
✦ sola som laga skuggespel
✦ koseleg å lese om denne lille duefamilien
✦ å, det var kjempestas og utruleg bra å få med meg The Sound of Music på Moster Amfi
✦ veit ikkje om eg var heilt overbevist, men det var no ein del eg likte med Beneath the Lemon Trees
✦ gå til jobb i regnjakke og solbrillar
✦ katten Oreo gjekk bort for eitt år sidan, og Tina har skrive eit rørande minneinnlegg
✦ sende fleire meldingar til ei god veninne i Trondheim
✦ blomane i den botaniske hagen
✦ hente bøker på biblå og sjå at nokon andre hadde reservert ei favorittbok av Anna James
✦ lage ei miniutstilling av Gatsby-bøker og eit puslespel
✦ fleire av songane frå The Swell Season sitt nye album er å finne som akustiske versjonar her
✦ bade på hotellet og sidan trerettars middag før musikalen
✦ sjå tick, tick...BOOM! om igjen på Netflix
✦ denne klassikaren frå "Manndag" får meg til å le kva dag som helst
✦ og ein liten selfie på onsdag då det var strålande sol på veg til jobben
✦ knallgod dessert med yuzu og marengs på hotellet før musikalen i går
✦ endå ei sommarbok frå Mandy Baggot: A Greek Island Gift


Legg igjen ein fin tanke