15. aug. 2025

Drielandenpunt




Trois Frontières. Dreiländereck, eller som i tittelen: Drielandenpunt, vel det som passar best. På vår fyrste dag i Aachen, tok me lokalbussen til Vaals, heilt søraust i Nederland. Vidare tok me endå ein buss, for litt høgare opp, møtest Belgia, Nedeland og Tyskland. Eg skal innrømme at det var litt artig å gå rundt der oppe og ikkje heilt vite kva land me var i til ein kvar tid ;) Me var kanskje ikkje oppe i tårnet, for det kosta ein del pengar "berre" for å få endå betre utsikt, men ein liten parentes om at dette er Nederlands høgaste punkt med sine 322 meter over havet fekk me med oss.
 




Ikkje dei beste videosnuttane eg har tatt, likevel sleng eg dei med her. Ein kan skimte litt av området, for jaggu meg var det fleire små buer, restaurantar, kiosk og suvenirbutikk, rett og slett veldig "turistete". Viss ein er i humør, kan ein til og med prøve seg på ein labyrint. Me traska litt i skogen, sat og las i sommarvêret, åt ein enkel lunsj, og me fekk besøk av ei lita marihøne.

Legg igjen ein fin tanke