Vel, det har jaggu meg vore litt hui og hei denne veka, det skal eg ærleg innrømme. Måndagen kom med kveldsvakt på jobb, og det var rett på med ein gong. Så kom tysdagen då me plutseleg fekk uventa overnattingsgjester: ei frå heimbygda til mannen min overnatta på campingen ved Mosvatnet då ho og mannen hennar vakna midt på natta av eit svært tre som nesten hadde truffe dei der dei låg i teltet! Huff, det var ganske dramatisk, og så klart skulle dei få lov til å vere her. Dei resterande dagane på jobb har det vore nok å halde på med, og torsdagskveld kom Zalo hit. I går og i dag har me fått senka skuldrene noko, lesing har stått på planen, me sykla til universitetet for eit par ærend og eg har lappa eit par klede. Håper du har hatt ei fin augustveke, mi er oppsummert slik:
✦ klassikaren Far from the Madding Crowd av Thomas Hardy var ei finfin leseoppleving
✦ alltid kongeblå kjole
✦ liten kafédate med ei god vennine før jobb på onsdag
✦ tinge billettar til Rent på Trøndelag Teater i haust
✦ glad for at Mosvatnet er min jobbveg
✦ bli kjent med dei som var her på overnatting
✦ både Mummidagen og bokelskarane sin dag i går
✦ og her finn du så mange gode boktips i kategorien "bøker om bøker"
✦ fargesterke blomar rett ved ei blomstrete postkasse
✦ må alltid lese ei bok eller to av Mandy Baggot om somrane, og likte One Greek Summer Wedding
✦ hallo, for ein kul minibuss på campingen
✦ Zalo er ordentleg kjapp når han får mat om morgonen ;)
✦ musikalsongar på radioen om morgonen, ja, takk!
✦ kjempekjekt at bok nr. to om Oskar og eg no er komme inn i butikken
✦ å, eg smeltar like mykje kvar gong eg ser ein stor hund som passar på nusseleg kattungar
✦ ei kvit og vakker fjør midt i det grøne graset
✦ trappegangsestetikk med klar tale, frå universitetet i dag
✦ prate lenge med ei god veninne på telefonen i dag
✦ koseleg bilete av sjølvaste Patricia Routledge og Dominic Monaghan
✦ lappe ei strømpebukse og fikse ei hempe på ein handduk
✦ laurdagspizza og film, klagar ikkje på det
✦ lese Mister Teacher av Jack Sheffield, nr. to i denne lærarserien frå Yorkshire


Legg igjen ein fin tanke