3. aug. 2025

Hei, hei frå denne kanten







Kvart år går den der sommarferien altfor fort. To og ei halv veke på tur og eit par-tre dagar her heime. Som du sikkert skjønner er det tilbake på jobb igjen i morgon, veit ikkje om eg er heilt klar for det, men det er no berre slik det er. Dei siste dagane har me brukt til å pakke ut, vaske klede, sykle ein liten tur, lese mykje og generelt prøve å komme i orden. Me gjorde som i fjor og tok oss ein interrailtur der me var eit par dagar i Tyskland og resten av ferien var me i England (tihi, det er kanskje inga hemmelegheit at eg er anglofil person). Omtrent umogleg å oppsummere alle dei fine og kjekke opplevingane i eit og same innlegg, så sundagslista kjem til å vere ei oppsummering berre av denne siste ferieveka. Inkludert eit par bøker eg har lese i det siste, for lesing har me fått tid til:

mellom anna på tur langs Hadrian's Wall, og det var stas å lese Vera-boka The Darkest Evening
å, supergøy å ta turen innom bokhandelbåten Word on the Water!
rart å tenke på at me på måndag både var i Oxford og i London før me byrja heimreisen på tysdag
Mirandas video med bøker ho ville ha lese om igjen for fyrste gong (fleire av mine favoritta her, ja)
magisk å få ei omvising i Divinity School og Duke Humfrey's Library ved Bodleian Library
stikke innom den fine butikken Choosing Keeping i London
balkonglesing både fredag og i går
ei liste over tolv bokbyar ein absolutt bør besøke
vakre Hertford Bridge i Oxford, også kalla Bridge of Sighs
Last Bus to Woodstock er den fyrste Inspector Morse-boka, og så klart las eg den i Oxford
tihi, koseleg å sjå ein episode av Heartbeat på ferja på veg heim
Olive er så søt og artig, ta ein titt på denne videoen der ho prøver ulike børstar
the Hub sine hotell i London har akkurat det ein treng for å bu enkelt og sentralt når ein er i byen
følgje Leseklubben som no les Den store Gatsby
lang togdag, London-Brussel-Frankfurt-Kiel, men alt gjekk på skjener, bokstaveleg talt 
liten handlerunde i Sandnes i går med mannen min
trass regn, var det kjekt å ha eit par timar i Kiel onsdagsmorgon
flott langs Sørlandsbanen, altså
ete taco, sjå ferdig Dial M for Murder (bra film!) og spele "Dominion"
sykle til eit lite vatn, herleg å bevege litt på oss og sjå både svaner og ender
sundagslesing med heimelaga latte, ein solskinsbolle på deling og ein ordentleg klassikar

Legg igjen ein fin tanke