For ein kjekk helgetur eg hadde i helga i lag med to kjekke personar! Eg tok bussen til byen og sidan til Sokn bussterminal der me tre kjørte i lag i retning Stord og Bømlo. Breiavatnet med si skinande fontene og busslesing med landleg utsikt, eg klaga ikkje. Overfarta over Boknafjorden var bra, og eg klaga heller ikkje på selskapet (gøy å syngje musikalsongar i bilen!). Me hadde tinga ein musikalpakke på Stord Hotell, noko som vil seie at det mellom anna var trerettars middag var inkludert. Før middagen, las me alle litt i kvar vår bok på hotellrommet og tok oss eit bad ved Vikjo bad. Til middag åt eg ceviche til forrett (ikkje heilt min favoritt, men utfordra meg sjølv), veldig god vegetarburgar av avokado og edamamebønner, og til dessert valde eg kvit sjokoladeganache med youzu, sitroncoulis og peppermarengs. Nam, den var ordentleg herleg og forfriskande!
Jepp, eg er ho som lager eit miniprogram ut frå det digitale programmet for å ta biletet av det, musikalnerd på høgt nivå, tihi ;) Me skifta om til varmare klede før me drog til Moster Amfi, for det er ei utandørs scene. For min del var det tredje gong eg såg The Sound of Music på ei scene. Filmen har eg sett mange fleire gongar, songane kan eg utanat, og det var rett og slett utruleg stas å sjå musikalen på nynorsk. Stas var det også å få lov til å komme inn ved scena litt før dei andre sidan veninna mi har ei søster som jobbar ved teateret. Når det gjeld sjølve oppsettinga, så verkeleg strålte Frøy Hovland Holtbakk som Maria og Preben Hodnelands tolking av kapteinen var ypperleg der me fekk skjå korleis kapteinen gjekk frå å vere strikt til å bli ein varmare person (og songen "Edelweiss", altså). Espen Hana var akkurat passe slesk og morosam som Max Detweiler, Karoline Krüger like passe kald og elegant som Elsa Schraeder og Eir Inderhaug som abbedissa fekk auga til å bli blanke då me fekk høyre "Gå eigne vegar" ("Climb Ev’ry Mountain"). Å sitje ute i seinsommarkvelden og få med oss dette, var ei unik oppleving, med alle dei kjente kjære songane midt i det tunge bakteppet som var andre verdskrigen, og eg må også skryte av musikarane, kostyma, kulissane, produksjonsteamet og Bømlo Teater, dette var kanonbra! Alltid fint å vere tilbake på Bømlo, så mange flotte minne! For folkehøgskuleåret der ute vil alltid vere med meg.
"Edelweiss, edelweiss under snøen du kviler
Blyg og var, kvit og klar
Blyg og var, kvit og klar
Du mot vårsola smiler
Vakraste snøblome; veks og bløm, veks og bløm i æva
Vakraste snøblome; veks og bløm, veks og bløm i æva
Edelweiss, edelweiss sign oss her me vil leva"
(gjendikta av Runa Våge Krukhaug og Preben Hodneland)



Legg igjen ein fin tanke