8. aug. 2025

Gjett kven?



Av bileta er det kanskje ikkje så vanskeleg å gjette kven me har på besøk, tihi. Zalo kom til oss i går kveld og skal vere her nokre dagar. Allereie før me var i gong med å ete dagens frukost, var han klar oppå buret. For han veit han får litt egg av oss, og då er han strålande nøgd. Lett å fange på kameraet, er han jaggu meg ikkje, for han ristar på hovudet og er generelt rask i bevegelsane. Men av og til sit han stille og berre tittar på oss. Ein kul, liten raring er han, det er det ingen tvil om!

Legg igjen ein fin tanke