Okei, eg veit nesten ikkje kor eg skal starte når eg no skal oppsummere veka med ei sundagsliste. For på onsdag fekk me plutseleg eit piggsvin i hus (mannen min fann eit lite piggsvin aleine ute, og dei skal ein ikkje gå frå), og på fredag hadde me plutseleg kjøpt ein tomannsbustad. Og så jobba eg i går, og har dimed berre hatt i dag på å prøve å roe ned tempoet. Kjenner framleis at hovudet ikkje er heilt med, det skal eg ærleg innrømme, for sjølv om det er stor stas, er det mykje som skal gjerast før me flyttar, og me har faktisk ikkje ledige helger i heile oktober. Men me kjem vel i mål til slutt. Puh, det gjeld å finne små pusterom innimellom, slik som i går då eg fekk ei god veninne på besøk og me prata og strikka i fleire timar. Kjempekoseleg! Med det er det på tide å leggje ut lista slik eg ofte gjer:
✦ Carley Fortunes One Golden Summer frå den kanadiske kysten, var ei ordentleg kjekk sommarbok
✦ lille Pippin, me veit jo ikkje om me klarer å fø den, men for eit supernusseleg piggsvin
✦ utruleg koseleg å ete pizza, prate, strikke og sjå film i lag med ei av mine beste veninner i går
✦ for ein nydeleg versjon av "Come What May" frå filmen Moulin Rouge
✦ lesestund ute på ein benk ved eit lite vatn
✦ frå britiske Cotswold, The Telephone Box Library var ei bok eg synest var akkurat passe herleg
✦ kveldshimmelen✦ og kveldssola ved naboblokka
✦ kjekt å høyre frå både Miranda og Donna i denne vloggen
✦ sjå ferdig Dept. Q på Netflix, kjempespennande serie basert på Jussi Adler-Olsen sine bøker
✦ litt annleis bok enn det eg pleier å lese: Syv meninger med livet av Thomas Hylland Eriksen
✦ kule puslespel
✦ blålilla blomar sett på veg til jobb
✦ eit litt stilig bygg mot ein augustblå himmel
✦ skuggespel på bakken
✦ Vannassen no om seinsommaren
✦ tihi, den lille flodhesten Mars er berre så artig
✦ sjekk ut det søte piggsvinbokmerket
✦ og plutseleg, rett før helga, hadde me kjøpt oss hus!
✦ etter ei travel veke, gjorde det godt med kaffi, is og sundagslesing ute på balkongen


Legg igjen ein fin tanke