Tre veker og ein dag er allereie gått sidan fyrste etappe av årets interrailtur. Me tok litt av den same ruta som i fjor, og byrja difor turen også i år med å ta toget til Oslo og sidan ferja over til Kiel. Eit lite sjølvknips av blidfisane måtte jo til, ute var det knallvêr og sånn sett ein bra start på ferien.
Kva gjorde me eigentleg på togturen? Tja, me gjorde det me pleier, nemleg lesing, lesing og meir lesing ;) Så klart tok me oss ein liten dupp, men for det meste slappa me av med å lese i kvar vår bok. Såg litt ut av togvindauget innimellom. Turen langs Sørlandsbanen har me tatt mange, mange gongar no, men det er eit eller anna ved togvindaugsutsikta likevel. Buss for tog mellom Kongsberg og Oslo, og lesebrettet passa perfekt i hakket i bordklaffen, tihi. Det kjem til å ta tid å gå gjennom alle bileta frå turen – me har ikkje heilt landa enno – og eg får ta det litt etter litt. Avsluttar dette innlegget med eit bilete av finaste Bambus. Me overnatta hos onkelen min og kona hans, og Bambus bur altså hos dei. Ho er ein ganske skeptisk pus, men ein veldig fotogen pus, det er ho!


Legg igjen ein fin tanke