28. aug. 2025

Boekhandel Dominicanen





For ein unik og heilt nydeleg bokhandel, kan ikkje alle butikkar sjå slik ut?! Mellom Aaachen og Maastricht, er det berre ein times tid med bussen, så me tok rett og slett ein dagstur dit på vår andre dag i grensebyen. Boekhandel Dominicanen er fleire gongar kåra til verdas flottaste bokhandel i diverse kåringar, og det er ikkje vanskeleg å skjønne kvifor! For to hundre år sidan mista katedralen sin heilage funksjon, og i 2006 blei den gjort om til ein bokhandel. Her kan ein finne kjente og kjære klassikarar, brukte bøker og nye bøker, vakre kort, LP-plater og generelt stæsj for alle bokelskarar.
 




Inst i katedralen, er det ein kafé, og noko av det fyrste me gjorde, var å setje oss ned for å nyte ein limonade kvar. Ute var det ordentleg sommar, og det gjorde godt å kjøle oss ned med noko kaldt å drikke. Etterpå gjekk me rundt og berre såg, ei ganske god stund. For det var mykje å sjå på, alle bøkene og detaljane, og berre det å ta inn atmosfæren inne i bokhandelen, var ei oppleving i seg sjølv. Om du nokon gong er i Maastricht – eller i nærleiken av byen – er dette plassen å besøke!

Legg igjen ein fin tanke